Gentesting kan gje betre lusesvar

Ny forsking viser at gentesting av lakselus før lusebehandling kan gje svar på potensiell behandlingseffekt og om lusa er resistent mot legemiddelet som er planlagt brukt.

Det kjem fram i rapporten «Genetisk resistens hos lakselus: Kartlegging av merdvariasjon i genetisk resistens» som nyleg vart offentleggjort. FHF-prosjektet skulle auke kunnskapen om korleis genetisk resistens i lakselus opptrer på anleggs- og merdnivå før og etter behandling med lakselusmidla azametifos, pyretroider og hydrogenperoksid.

- Ved å bruke gentesting vil 30 lus vere nok til å gje ei god oversikt over resistenssituasjonen på lokaliteten. Ein får meir presis informasjon om kor mottakeleg lusa er for dei ulike stoffa samanlikna med dagens bioessay. Dei tradisjonelle metodane kan vere litt vanskelege fordi du treng mykje lus, mange gangar mengda samanlikna med gentesting, og det kan vere vanskeleg å få tak i nok, fortel forskar Peder A. Jansen som står bak rapporten.

Rapporten slår fast at det var underordna om lusa stammar frå normal fisk eller såkalla svimarar. Det spela heller ikkje noko rolle kva merd på lokaliteten lusa vart samla inn på. Eit stort nok utval av lus vil difor vere representativt for heile anlegget, og jo fleire lus ein har, jo sikrare vert estimatet.

Forsøka viser at det er litt skilnad i resultata med dei ulike typa stoffa, men spesielt for azametifos fekk ein god indikasjon på førehand. Samstundes er det få anlegg som brukar dette middelet for seg sjølv til behandling.

For pyretroider var det for vanskeleg å finne anlegg med lus som har moderat eller mindre førekomst av resistente lus, medan det for hydrogenperoksid var naudsynt å sortere ut årsaker til at uttrykk av enzymet katalase, som katalyserer reaksjonen der hydrogenperoksid vert omdanna til oksygengass og vatn, ikkje såg ut til å endre seg på en føreseieleg måte i lus som var prøvetatt før og etter behandling. Jansen er usikker på kva skilnadane skuldast.

- Dei eigenskapane ein leita etter med desse metodane var mobilisering av evna til motstand. For hydrogenperoksid såg me etter katalase som ein kan få fram gjennom stress. Me er usikre på resultata her sidan me ikkje veit om lusa allereie har vore gjennom stress og indusert katalase før behandling. Ut frå dette prosjektet var resultatet varierande, seier Jansen som håpar ein kan gå vidare med funna som vart gjort i prosjektet.

Men ein konklusjon står heilt klar i rapporten. Resultata underbyggjer generelt ein restriktiv strategi når det gjeld bruk av kjemiske midlar i kampen mot lakselus, både ved at behandlingane viste sterk selektiv kraft for resistensutvikling og ved at resistens mot organofosfater og pyretroider er utbreidd.