FoU

Se alle artikler

Startar arbeidet med lukka matfiskanlegg

Aquafarm Equipment har fått 18 millionar kroner i EU-støtte til fase to med å utvikle den semilukka postsmolt-merden til å kunne produsere matfisk.

Støtta er fordelt over to år og kjem frå EU-programmet Horisont 2020. Gjennom dette programmet har EU som mål å stimulere til innovasjon som kan bidra til å løyse dei samfunnsutfordringane verda står overfor.

- Første del blir utbetalt i august i år, og me får òg tildelt ein person frå Innovasjon Norge som skal hjelpe oss med å byggje opp selskapet. Denne støtta gjorde at me sette i gong med å teikne og berekne merden som skal brukast til matfiskproduksjon, og me ønskjer å gå i gong med bygginga på direkten når dette er gjort. Men for å teste den ut, er me avhengig av å få tildelt utviklingstillatelsar, fortel dagleg leiar i Aquafarm Equipment, Atle Presthaug, til IntraFish.

Trur på miliardinntekter

Totalt budsjett for utviklinga av fase to er på rundt 25 millionar kroner ifølgje prosjektbeskrivinga. Her skriv selskapet også at dei gjennom denne fasen vil auke veksten kraftig. Dei estimerer at selskapet fem år etter prosjektavslutning vil nå årlege inntekter på 411 millionar euro (NOK 3,9 milliardar), generere minst 76 nye arbeidsplasser og ha eit akkumulert overskot på 127 millionar euro (NOK 1,2 milliardar).

Samstundes med å utvikle systemet til å fungere for matfiskproduksjon, er selskapet også i gong med å vidareutvikle postsmoltmerden.

- Postsmoltanlegget fungerer som det skal , men Marine Harvest har eit ønskje om at me også finn ei løysing for å kunne setje på UV- og partikkelfilter på vassinntaket til postsmoltanlegget. Dette jobbar me difor også med. Me opplever interesse for postsmolt, og på Aqua Nor vil me vere til stades for å selje slike anlegg. Tanken er at det skal vere valfritt å ha med eller utan desse filtra, fortel Presthaug.

Totalt 290 millionar i EU-støtte

Så langt i år har sju norske bedrifter fått i alt 115 millionar kroner i støtte frå EU-programmet Horisont 2020. Dette er ei dobling i forhold til same tidspunkt i fjor. Siste kvartal fekk tre norske bedrifter, Dacon, Norhard og Aquafarm Equipment, til saman 50 millionar kroner i slik støtte.

- Dette er støtte som heng høgt, og det er all grunn til å gratulere Dacon, Norhard og Aquafarm Equipment med den støtta dei no får frå EU gjennom Horisont 2020. Støtta betyr at bedriftene kan forberede prosjekta sine for marknaden, seier Mona Skaret, direktør for Vekstbedrifter og klynger i Innovasjon Norge i en pressemelding.

Sidan programmet vart oppretta i 2014 har norske selskapa henta inn 290 millionar kroner frå denne EU-ordninga. Støtta vert gitt frå programdelen for små og mellomstore bedrifter i Horisont 2020, det såkalla SMB-instituttet.

For å sikre norske bedrifter tilgang til Horisont2020-programmet er Norge med på å betale 2 prosent av den økonomiske ramma for programmet. Målet er at norske bedrifter og forskingsmiljø skal hente tilbake minst like mykje i form av støtte frå programmet. For SMB-delen av Horisont 2020 ligg Norge så langt godt framfor målet, med ein støttedel på 6 prosent hittil i 2017, og 2,8 prosent i gjennomsnitt for perioden 2014-2017.