IntraFish Verdas 30 største lakseprodusentar 2010

For tiande år på rad utgjev IntraFish Media industrirapporten om verdas 30 største lakseprodusentar. I rapporten er selskapa rangerte etter slaktevolum av oppdretta atlantisk laks, aure, coho og chinook i 2009. Måleeininga IntraFish Media brukar i rapporten er rund bløgga vekt (WFE), og rangeringa er basert på selskapa sine eigne tal samt offisiell dokumentasjon og statistikk.

I denne rapporten har me òg tatt med dei ulike selskapa sine finansielle tal for 2009 i den grad dei har vore tilgjengelege då rapporten vart laga.

Også i år er det dei norske og chilenske selskapa som dominerar lista over dei 30 største lakseoppdrettarane i verda, men også selskap frå andre land er godt representerte, og ein vil finna selskap frå alle dei fire verdshjørna Australia/Osceania, Sør-Amerika, Nord-Amerika og Nord-Europa på rangeringa. I årets rapport er til dømes den største klatraren færøyske Bakkafrost, medan australske Huon Aquaculture er nykommar blant dei 30 største.

I årets rapport er det funne plass til 33 selskap på lista, dette fordi det er fire selskap som er rangert som nummer 30. Ut frå rangeringa vil ein òg sjå at det er 15 selskap på lista som hadde nedgang i volumet i 2009 samanlikna med 2008. Også i inneverande år er det mange selskap som vil få eit lågare volum enn året før. Dei fleste av desse selskapa har produksjon i Chile.

I tillegg til presentasjonen av dei ulike selskap som er med i rangeringa, vil rapporten ta for seg fleire ulike sider ved lakseoppdrett. Marknad og laksepris er viktig i så måte. 2010 vert truleg året der det globale tilbodet av laks blir på sitt lågaste etter fleire år med vekst. Frå 2011 vil den chilenske industrien truleg levera høgare volum enn i år, men veksten vil gå sakte. Dermed kan det ta fleire år før ein ser stor auke i det globale volumet og at det kjem over voluma frå 2008 og 2009.

Men endringane som er gjort i Chile, gjer at ein alt no ser ein langt større optimisme der enn det var vinteren og våren i fjor. Dette, kombinert med ein potensiell volumvekst i Noreg, gjer at det ikkje treng gå lang tid før marknaden kjem meir i balanse mellom tilbod og etterspurnad. Men ein kikk inn i krystallkula når det gjeld laksepris, viser likevel at lakseprisen vil vera relativt høg -- i det minste også neste år, og truleg også i 2012.

Rapporten vil vidare koma litt inn på foredling av laks, og utfordringa denne delen av verdikjeda har i forhold til marknadsutviklinga som har skjedd i 2009 og til no i 2010. Me ser òg på korleis finanskrisa, som var eit stort tema i 2009, ser ut til å ha påverka lakseoppdrettarane. Etter det er det naturleg å gå vidare å sjå litt på konsolidering i næringa. Her har det skjedd store endringar det siste tiåret, og ein vil også sjå at dette vil skje framover.

Til slutt i årets rapport er det fokus på sjukdom, lakselus og miljø. ILA har sett den chilenske laksenæringa kraftig tilbake, men det er òg fleire sjukdomar i laksenæringa. Lakselus var eit stor problem i andre halvår av 2009 i Noreg. Av den grunn har me valt å ta med ei eige kapittel om det. Miljøperspektivet er stadig aktuelt, og det kan du lesa meir av til slutt i rapporten før selskapspresentasjonane.

Pakke:  Elektronisk version NOK 9 500,- 

Elektronisk version + grafer i Power Point NOK 12 000,- 

Både på norsk og engelsk + grafer i Power Point NOK 15 000,-

Kjøp rapport
Pris

Merverdiavgift er ikke inkludert i prisen.