Kommentarer

Se alle artikler

Vikarierande argument i PD-kampen

At Nord-Trøndelag har eit veksande PD-problem, kan sjølvsagt relaterast til at ein trappa ned PD-kampen sør for dei. Selskap som i dag lovprisar «stamping out», øvde eit hardt press i 2012 for sjølv å sleppe å slakte ut. Dei vann fram.

Kommentar

  • Denne kommentaren er skrevet av Øyvind Kråkås
  • Kråkås er informasjonsmedarbeider i Salmon Group

Dobbeltmoralen skal vere dobbelt so bra som moralen. I alle fall er den oftast langt meir lønsam. Sjølvsagt ynskjer alle at sjukdom på fisk skal nedkjempast før han når deira anlegg. Det ynskte også oppdrettarane i Nord-Trøndelag, men andre ville det annleis.

Likevel fall grensa ved Hustadvika fordi ein meinte sjukdomen ikkje lenger kunne møtast med utslakting. Det var kome for langt, og var blitt for kostbart. Og det til trass for at den aktuelle regionen hadde alt som næringa etter sigande burde rettast inn mot; han var i all hovudsak kontrollert av nokre få, store selskap. Og dei koordinerte seg i sonedrift.

Når dei same aktørane no står fram som støttespelarar for «stamping-out», kan det vere på sin plass å sjå litt på historia frå den gongen. Kunne det kanskje vere ein ide å flytte «stamping-out» regimet sørover att? Eg forventar at dei aktuelle selskapa støttar opp om det. Og er dei overtydde nok, treng dei ikkje ein gong å vente på ei ny forskrift. Dei kan rett og slett skjære gjennom og gjere det for eiga vinnings skuld…