Kommentarer

Se alle artikler

Havstrategi utan forpliktelsar og tiltak

Fiskeripolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø, er ikkje imponert over havstrategien til regjeringa.

Leserinnlegg

  • Dette leserinnlegget er skrive av Ingrid Heggø, stortingspolitikar for AP i Næringskomiteen.

Ein 100 siders havstrategi , som er brukt fire år på å lage, er så og seie utan tiltak og forpliktelsar. Når Erna Solberg understrekar at eit av dei viktigaste satsingane i havstrategien er at det skal komme ei Stortingsmelding så vitnar dette om fråvær av handlekraft.

Eg hadde forventa at her kom tiltak for at Norge faktisk skulle ta eit internasjonalt leiarskap innan Hav, sette fiskeri på dagsorden, ikkje berre fagre ord om jobbe for- stimulere til og oppramsing av tidlegare tiltak .

Når Monica Mæland seier det vert brukt historisk mykje på forsking, så er det innan bestandsforsking vi i opposisjon som har tvinga dette fram. Godt jobba av støttepartia i forhandlingar, og av eit samla Storting som har pålagt regjeringa ein forpliktande opptrappingsplan.

Så er det bra at regjeringa snur og nå ønskjer pilot og testanlegg, og vil legge til rette for forskingstokt i Arktisk . Eit stort varsko bør det likevel vere for eit samla fiskeri Norge når regjeringa seier dei vil  legge til rette for hausting av nye arter. H/Frp ville ha permanent unntak frå Deltakerlova og dermed nasjonalitetskravet. Dette fekk AP og opposisjonspartia på Stortinget stoppa.

Det andre viktige tiltaket i strategien er Ocean Space Senter som regjeringa vil arbeide for å finne ei løysing på. Kvifor har dei ikkje i gang sett dette arbeidet for lengst?

Ei tredje viktig tiltak i strategien er å auke kunnskapen om økosystema i kystsona for å legge til rette for vidare vekst i havbruksnæringen. Det er fint at regjeringa innrømmer at kunnskapen er mangelfull, men vil dei likevel sette i gang trafikklyssystemet utan denne kunnskapen på plass?

Ein 100 siders havstrategi , som er brukt fire år på å lage, er så og seie utan tiltak og forpliktelsar. Dette er skuffande.

Se Også


Regjeringen vil ha mer samspill mellom havnæringene

Regjeringen peker på et større samspill mellom havnæringene som viktig for å øke verdiskapningen. I dag er det smått for sjømatnæringen.

Siste saker
Mest lest