Industrirapporter
Latest Newspaper
Bildegalleri
WEB TV
Fishing News Int.
Fishing News Int.
Fish Farming
Seafood Int
Seafood Proc.
Fiskeribladet
Joar Grindheim   
15. juli 2008

Dette er åttande året på rad at IntraFish kan presentera oversikta over dei 30 største lakseprodusentane i verda. I oversikta er selskapa rangert etter produksjon av atlantisk laks, aure, coho og chinnock i 2007, og med produksjon tenkjer me her på slaktevolum (WFE). IntraFish har også prøvt å fått med dei finansielle resultata for selskapa i den grad dei har vore tilgjengelege då rapporten gjekk i trykken.

Som vanleg dominerar dei norske og chilenske selskapa lista, men også andre selskap klarar å hevda seg i konkurransen. Dei siste åra har ein sett at dei største selskapa vert større og aukar produksjonen kvart år. Det kan dermed trygt seiast at desse selskapa legg premissane for lakseoppdrett i verda. Og dei fire største produsentane på lista produserar omtrent like mykje som dei 26 neste til saman. Det er altså nokre få store selskap, litt fleire mellomstore og nokre som blir ”små” i denne samanhengen, men som likevel er store i eit globalt perspektiv.

Lakseoppdrett er blitt ein storindustri, noko som også kan forklara kvifor fleire og fleire selskap vel å gå på børs. Denne trenden starta for få år sidan og i 2007 vart fleire lakseselskap, både i Noreg og Chile, tatt opp på børs. Å henta kapital frå eksterne og reine finansinvestorar for å finansiera vekst, er ein trend som truleg fleire vil følgja. Dette er noko me også vil koma inn på i analysedelen.

Også 2007 var eit år med vidare oppkjøp og konsolidering. Den mest dramatiske enkelthendinga i fjor var opprettinga av det nye oppdrettsselskapet Lighthouse Caledonia. Norskott Havbruk, som er eigd 50 prosent av Lerøy Seafood og 50 prosent av SalMar, og som eig Scottish Seafarms, skulle overta det som då var Pan Fish Skottland. Norskott sitt oppkjøp stranda i juli, og i staden reiste eit nytt selskap seg. Vekst gjennom oppkjøp har ein også sett så langt i 2008, og fleire selskap står ganske sikkert for tur til å bli kjøpt opp framover.

Ein ting som har prega 2007, og som kanskje i enda sterkare grad vil prega 2008, er ulike sjukdomar, då særleg ILA og PD. Å kontrollera miljøet der fisken skal veksa opp er ei stor utfordring. Det får både norske og chilenske oppdrettarar merka kvar dag.

Stilling ledig
Legal notices - Copyright © 2005 IntraFish Media AS - All rights reserved.
Nettstedet IntraFish.no redigeres på uavhengig grunnlag, etter de retningslinjer som er nedfelt i Vær Varsom-plakaten for god presseskikk, Tekstreklameplakaten og Redaktørplakaten. For mer informasjon trykk her.