NYHETER

Se alle artikler

Inntektene var opp – resultatet ned

Lakseeksportøren Wannebo International i Kristiansand hadde ein topplinjevekst på nær 27 prosent i fjor. Samstundes var resultatet og marginen ned.

Inntektene var opp til 448 millionar kroner i fjor frå 353,7 millionar kroner i 2015 for selskapet som driv eksport av laks og import av skjell og skaldyr. Driftsresultatet var ned til 3 millionar kroner frå 3,5 millionar kroner.

- Året står fram for oss som temmelig stabilt. Valutaendringar er og blir ei utfordring. Vi held vedlike vår posisjon på import/lagersal av sjømat, og har vidareutvikla og auka omsetnaden av skjell og skaldyr med nye produkt. Marginane på lakseeksport er som tidlegare under press, opplyser styret i årsrapporten.

Selskapet hadde eit årsresultat i fjor på 1,5 millionar kroner, ned frå 2,6 millionar kroner året før. 650.000 kroner er avsett til utbytte, ei halvering frå året før. Selskapet hadde ein positiv kontantstraum frå drifta på 8,5 millionar kroner.

- Styret er svært tilfreds med selskapets resultat og utvikling, men erkjenner at framtidsutsiktene for 2017 er noko usikre utan at ein ventar store endringar på kort sikt, konkluderer styret i årsrapporten.

Selskapet er eigd av danske Brødrene Schlie's Fiskeeksport med 50,15, medan dagleg leiar Edvard Tanche-Bergh eig 35,69 prosent og Ole Terje Kristensen 14,15 prosent. Selskapet hadde i fjor tre tilsette.

Nøkkeltal Wannebo International (tal i millionar kroner)

2016 2015 Endring
Inntekter 448,0 353,7 26,7 %
Driftsresultat 3,0 3,5 -14,3 %
Resultat før skatt 2,0 3,5 -42,9 %
Årsresultat 1,5 2,6 -42,3 %
Driftsmargin 0,7 % 1,0 % -32,3 %