NYHETER

Se alle artikler

50 millionar reinsefisk tilgjengeleg i år

Produksjonen av rognkjeks vil bli nær dobla i år samanlikna med i fjor. Saman med produksjon av berggylt og villfanga leppefisk betyr det at rundt 50 millionar reinsefisk vert tilgjengeleg for laksenæringa i år.

- Utviklinga har gått veldig fort, og det er ein unik industri som er bygd opp sidan 2010 i Noreg når det gjeld oppdrett av reinsefisk. Unik i den forstand at ein bygger opp ein industri som skal hjelpe til med det med eigentleg skal drive produksjon av, nemlig laksen. I dag er det nesten ikkje eit einaste torskeyngelanlegg som ikkje blir brukt til rognkjeks. I tillegg blir det bygd eigne anlegg for dette. Og i år går rognkjeks forbi aure og blir den nest største oppdrettsarten i Noreg, sa Erling Waatevik (bildet) under Sats Marint.

IMG_4692.JPG Erling Waatevik meiner over 50 millionar reinsefisk vil vere tilgjengeleg for laksenæringa i år.
I dag er det 33 anlegg for rognkjeksproduksjon der 29 er i produksjon. I fjor kom det ni nye anlegg, i år kjem det eitt, og det er to-tre som har fått konsesjon ifølgje Waatevik.

- Produksjonen av rognkjeks i 2016 var på 17,5 millionar individ, ein oppgang på 20 prosent frå 2015. I 2017 er det estimert ein produksjon på 30-35 millionar, men det er framleis utfordringar i produksjonen, så det er itt usikkerheit rundt det talet, sa han.

Og rognkjeksa som vert produsert, aukar i storleik. No er vekta på 20-30 gram, og stort sett all fiks vert vaksinert. Waatevik meiner det i fjor framleis var stor underdekning av rognkjeks, og det difor var større volumfokus en kvalitetsfokus.

Waatevik tok også opp at berggylt-produksjonen også veks. Den er kjent for å vere den vanskelegaste fisken å produsere. I dag er det tre anlegg for produksjon samt eit par påvekstanlegg i drift.

Han meiner det i fjor var gjennombrot for yngel, og i fjor vart det produsert rundt 1,5 millionar berggylt. I år er det estimert 2-3 millionar.

- Denne veksten er gjort på få år, og til samanlikning blir det produsert ein million kveiteyngel. Ein art ein har halde på med over 30 år, sa Waatevik.

Han estimerer at det i år vert minst 50 millionar reinsefisk tilgjengeleg for norsk laksenæring. Rundt 30 millionar kjem frå oppdrett, medan det truleg vert fiska rundt 20 millionar vill leppefisk.

- Men det er framleis underdekning av reinsefisk, fastslo Waatevik.

Se Også


Klart for ny utgåve av Sats Marint

Onsdag og torsdag er det klart for konferansen Sats Marint. Grethe Adoff, dagleg leiar i Norsk Sjømatsenter som står bak konferansen, fortel at norsk kveiteoppdrett er på frammarsj.