NYHETER

Se alle artikler

Mangel på råstoff gir problem for Lerøy

Lerøy Fossen på Osterøy permitterer 55 tilsette inntil vidare frå 27. mars.

Dette stadfester konsernsjef Henning Beltestad i det børsnoterte eigarselskapet Lerøy Seafood Group til lokalavisa Bygdanytt.

– Bakgrunnen for at vi må gå til dette beklagelege skrittet er todelt. Vi har lågare råvaretilgang på aure og noko lågare ordreinngang. Det er ikkje unaturleg i denne perioden av året, seier Beltestad.

Han kan ikkje seie kor lenge dei tilsette vil vere permitterte, men erfaringsmessig blir situasjonen betre utover våren og sommaren.