NYHETER

Se alle artikler

ILA påvist hos Lingalaks

Det er påvist infeksiøs lakseanemi (ILA) ved sjølokaliteten 24937 Nebbo i Kvinnherad kommune. Lokaliteten tilhøyrer Lingalaks.

- Pharmaq Analytiq har stadfesta gjennom A-prøven, at dei har funne ILA-virus på sjølokaliteten 24937 Nebbo. Alle nødvendige offentlege instansar vert no kopla inn, og me er i tett dialog om det vidare arbeidet, skriv Lingalaks i ei pressemelding.

Lingalaks sin fisk på lokaliteten er planlagt utslakta i løpet av dei neste 4 dagane.

- Me har no fullt fokus på å sørga for at smitte ikkje sprer seg, og har kontakt med alle fartøy og personar som har vore på denne lokaliteten den siste tida, seier samfunnskontakt Kjetil Hestad i pressemeldinga.

Ifølgje Bergens Tidende var det 170.000 fisk på lokaliteten. Dagleg leiar Erlend Haugarvoll seier til avisa at selskapet taper mellom tre og fire prosent av fisken sin.

Alle som ferdes og driv aktivitet i området må visa nødvendig aktsemd, slik at risiko for spreiing av sjukdom vert minimal, understekar selskapet i pressemeldinga.