Sjekkar alle lokalitetar i Hardanger for ILA

Etter at det vart påvist ILA på lokaliteten Nebbo i Kvinnherad, er alle lokalitetar i Hardanger sjekka for ILA. Det er så langt ingen mistanke om at smitten har spreidd seg til andre lokalitetar.

Det stod 170.000 laks tilhøyrande Lingalaks og Fylkesnes Fisk på lokaliteten då mistanken om ILA kom. Fisken hadde ei snittvekt på 2,7 kg, og all fisk er allereie slakta.

- No skal me gjere alt me kan for at smitten ikkje skal spreie seg. Me har søkt Mattilsynet om løyve til å ta utstyret ut av sjøen for å desinfisere det. Gjennom fiskehelsenettverket har me god dialog med alle oppdrettarane i området. Det er teke prøvar av alle lokalitetane i Hardanger for å sjekke for ILA. Svara får me truleg over helga, men det er ikkje mistanke om at sjukdomen har spreidd seg. Me overvakar situasjonen tett i tråd med forskrifta som vil komme frå Mattilsynet, seier samfunnskontakt Kjetil Hestad i Lingalaks til IntraFish.

12. mai meldte selskapet frå om at det var funne ILA på lokaliteten Nebbo i Kvinnherad kommune. Hestad seier dei så langt ikkje veit kvar ILA-smitten kom frå.

Hestad understrekar at det heldigvis er lenge mellom utbrota av ILA i Sunnhordland og Hardanger-regionen. I 2015 vart det påvist ILA i ein stamfisklokalitet i Midthordland tilhøyrande Bolaks. Den lokaliteten ligg i eit anna fjordsystem, og Hestad avviser at desse to ILA-sakene kan ha nokon samanheng.

- Nei, dette har ingen samanheng med ILA-smitten hos Bolaks den gongen. Når me har sikra at smitten ikkje spreier seg, vil me gjere ein jobb med å analysere hendinga nærmare for å prøva å finne ut kvar smitten kom frå, seier Hestad.