NYHETER

Se alle artikler

Edelfarm med nær 50 prosent driftsmargin

Edelfarm passerte så vidt samdriftspartner Wenberg Fiskeoppdrett målt i driftsmargin i fjor.

Med inntekter på 180 millionar kroner og eit driftsresultat på over 89 millionar kroner, kan Edelfarm i Nordland skilte med ein driftsmargin på 49,7 prosent i fjor. Samdriftspartner Wenberg leverte ein margin på 48,4 prosent.

Edelfarm driv oppdrett i Skjerstadfjorden i regionen Salten i Nordland. Tre lakseprodusentar driv samdrift i fjorden, med to konsesjonar kvar: Edelfarm, Wenberg Fiskeoppdrett og Salten Stamfisk.

På dei seks konsesjonane vert det produsert i overkant av 8.500 tonn laks (rund vekt). Selskapa har godkjente lokaliteter der det kan produserast nær 18.000 tonn (maksimalt tillat biomasse). Men då treng selskapa fleire konsesjonar.

Ved årsskiftet hadde Edelfarm ein bokført eigenkapital på 102,9 millionar. Samla gjeld var på 103,9 millionar kroner. Samstundes hadde selskapet ei kontantbehaldning på 48,5 millionar kroner og 63 millionar kroner i uteståande fordringar.

Av årsresultatet på 67 millionar kroner, er 37 millionar kroner avsett som konsernbidrag. I morselskapet Edelfisk, er det avsett 15 millionar kroner til utbytte.

Edelfarm er eigd av Edelfisk der dagleg leiar Roger Øksheim er største aksjonær. Samdriftspartner Wenberg Fiskeoppdrett eig rundt ein tredjedel, slik Edelfisk også gjer av Wenberg Fiskeoppdrett.

Nøkkeltal Edelfarm (tal i millionar kroner)

2016 2015 Endring
Inntekter 179,8 101,7 76,8 %
Driftsresultat 89,3 32,1 178,2 %
Resultat før skatt 88,5 31,7 179,2 %
Årsresultat 67,0 24,2 176,9 %
Driftsmargin 49,7 % 31,6 % 57,4 %