NYHETER

Se alle artikler

Alsaker med driftsmargin på 40 prosent i fjor

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, leverte rekordresultat i fjor med eit resultat før skatt på 710 millionar kroner. Gerhard Alsaker meiner likevel at fjoråret var svakt produksjonsmessig.

Omsetnaden i konsernet auka med over 50 prosent til 1.757 millionar kroner, medan driftsresultatet var opp frå 271 millionar kroner til over 700 millionar kroner. Driftsmarginen var dermed på 39,9 prosent i fjor.

- Produksjonsmessig har 2016 vore eit heller svakt år for konsernet. Produksjonsvolumet gjekk likevel litt opp samanlikna med 2015, medan slaktevolumet var stabilt. Det er framleis mykje tilveksttap i samband med avlusing av laks, skriv Gerhard Alsaker i ei pressemelding.

I 2016 produserte konsernet 32.500 tonn laks, mot 31.500 tonn året før.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2016 fem smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri. Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

Ved utgongen av 2016 var det 232 fast tilsette i konsernet.

- Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein sterk etterspurnad også i 2016. Dette, kombinert med at det globale tilbodet av atlantisk laks blei redusert med 4 prosent, resulterte i at gjennomsnittleg pris på laks eksportert frå Norge auka med 36 prosent samanlikna med året før, skriv Alsaker.

Konsernet har brukt over 125 millionar kroner i utviklings- og innovasjonsprosjekt i 2016.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 1.031 millionar kroner – noko som gir ein eigenkapitalandel på 52 prosent.

Nøkkeltal Alsaker (konsern) (tal i millionar kroner)

2016 2015 Endring
Inntekter 1 757,1 1 165,6 50,7 %
EBITDA 786,6 271,0 190,3 %
Driftsresultat 700,4 194,3 260,5 %
Resultat før skatt 710,3 182,3 289,6 %
Driftsmargin 39,9 % 23,2 % 71,4 %