
Startar nytt tubenotforsøk
Til hausten startar Bremnes Seashore opp eit nytt forsøk med bruk av tubenøter. No skal dei finne ut skilnaden mellom å bruke dei på ulike djupner.
- Me held enno på med første forsøk som vart sett ut i fjor haust, og så langt er det spennande. Mange av utfordringane er løyste, fortel utviklingssjef Geir Magne Knutsen i Bremnes Seashore.
Dei innleiande forsøka vart starta i 2014, og i fjor vart det tatt opp til kommersiell skala. I det forsøket har selskapet tre merdar med tubenøter som går ned til 10 meter og tre kontrollmerdar. Denne hausten skal dei starte eit nytt forsøk der dei ser på ulike djupner, 4 meter, 8 meter 12 meter og 16 meter.
- På vinteren går luselaget lågare. Med forsøket som startar no reknar me med å dokumentere betre skilnader på ulike djupner ved bruk av tubenøtene, fortel Knutsen.
Selskapet tel lus med «lys og lupe» ifølgje Knutsen i desse merdane. Forskingsprosjektet er i samarbeid med Havforskingsinstituttet (HI), eit samarbeid Knutsen skryt av. Bremnes Seashore har også tilsett ein doktorgradsstudent (PhD) i prosjektet som har rettleing frå HI.
- Me ser betydeleg mindre påslag av lus, 75-80 prosent, seier Knutsen.
- Det er HI som styrer dette, og det er for tidleg å seie noko meir konkret om resultata.
Neste haust startar nok eit prosjekt. Då skal den djupna som vert vurdert som best, brukast vidare, truleg 10 eller 12 meter. Så skal det brukast rognkjeks i halvparten av merdane og luselaser i den andre halvparten.
- Det blir spennande å sjå skilnadane og kor mykje meir effekt me klarar å få. Men når det allereie er på 75-80 prosent, så er det jo avgrensa kor mykje meir det går an å hente ut, seier Knutsen.