NYHETER

Se alle artikler

Sølvtrans bruker truleg opsjon på ny brønnbåt hos Aas Mek. Verkstad

Nett.no melder at Sølvtrans i løpet av oktober skal avgjere om reiarlaget skal bruke opsjonen på ny brønnbåt hos Aas Mek. Verkstad.

- Vi har ein opsjon, og den tenkjer eg vi kjem til å ta, seier administrerande direktør Roger Halsebakk i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans til avisen.

Det betyr i så fall eit oppdrag på mellom 200 og 250 millionar kroner for verftet og kontrakt nummer 30 med Sølvtrans og dotterselskapet Bømlo Brønnbåtservice.

Medrekna opsjonen hos Aas Mek. Verksted har Sølvtrans inngått nybyggingskontrakter på i underkant av ein milliard kroner i løpet av eit halvt år.

Medrekna skipet Sølvtrans no ligg an til å skrive kontrakt på, har reiarlaget 22 skip i drift og tre under bygging. Halsebakk anslår overfor Nett.no at Sølvtrans har investert rundt to milliardar kroner i nye farty frå og med 2015 og fram til i dag.