NYHETER

Se alle artikler

Thomas Farstad blir sjef i polsk røykelaksprodusent

Etter mange år som toppsjef i kvitfiskselskapet Norway Seafoods, blir Thomas Farstad no administrerande direktør i røykelaksprodusenten Milarex med fabrikk i Polen.

Røykelaksprodusenten Milarex vart starta av Morpol-gründer Jerzy Malek for snart eitt år sidan, mellom anna finansiert med pengar Malek fekk etter salet av Morpol til Marine Harvest i 2012.

Milarex har bygd opp ein foredlingsfabrikk i Slupsk, rett utanfor Gdansk i Polen, ikkje så langt unna Morpol. I juli i år kjøpte private equity fondet Summa Equity 75 prosent av Milarex. På same tid starta jobben med å finne Maleks etterfølgjar som sjef for fabrikken. No er jakta over, og Farstad blir i dag presentert som ny leiar.

– Farstad var både min og Malek sin favoritt, og vi er svært glade for at vi vart einige og at Farstad sa ja. Vi er strålande fornøgd med å få han med på laget. Han har verdifull erfaring frå sjømatbransjen og ein kompetanse som trengst for å ta Milarex til det neste nivået, seier Jon Hindar, som er styreleiar i Milarex, til IntraFish.

Sluttar i Lerøy

Farstad kjem frå stillinga som dagleg leiar i Lerøy Norway Seafoods. Farstad vart konsernsjef i Aker Seafoods i 2010, eit selskap som vart delt i fangstselskapet Havfisk og sjømatselskapet Norway Seafoods i 2012. Begge selskapa vart ein del av Lerøy Seafood Group i 2016.

Før Farstad kom til Aker Seafoods var han konstituert konsernsjef i Marine Harvest. Farstad har tidlegare erfaring frå McKinsey & Company, Fjord Seafood og Aker Maritime, og har ein MBA frå INSEAD i Frankrike og ein MSc frå Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA.

– Milarex står overfor ei veldig spennande reise og har allereie etablert ei sterk plattform. Eg har stor tru på vekstpotensialet i Milarex og ser fram til å starte i stillinga, seier Farstad.

– Blir det stor overgang frå kvitfisk til laks?

– Ja på mange måtar. Kvitfisk har vore, og er, ekstremt spennande. Eg har mange gode kollegaer i ein ekstremt interessant bransje med mange stimulerande frustrasjonar, seier Farstad til IntraFish.

– Kva meiner du med det?

– Kvitfisk er ein bransje der det er kjempevanskeleg å få til lønsam aktivitet i Noreg. Samstundes er det ein sektor som er i ei rivande utvikling der ein skal betene ein marknad med stor konkurranse innanfor eit rammeverk som er krevjande. Spesielt er det eit politisk rammeverket som ein må ta omsyn til og ein råstofftilgang som uføreseieleg. Villfanga kvitfisk er ein veldig kompleks del av sjømatindustrien. Eg tenker det er andre føresetnader i laks med tanke på råvaretilgangen og dei politiske rammevilkåra. Og så er det ein større marknad enn kvitfisk.

– Eg gler meg til å jobbe med laks igjen. Det blir kjekt å få vere med på å bygge noko opp frå eit tidleg tidspunkt. Vi startar ikkje med blanke ark, selskapet har produksjonskapasitet, kundar og aktivitet. Men det er uansett ein tidleg fase i selskapet med nye eigarar. Dette blir veldig interessant å vere med å utvikle, seier Farstad og legg til at han ser fram til å jobbe meir internasjonalt enn han har gjort dei siste åra.

Bygger opp organisasjon i Noreg

Men Farstad flyttar ikkje til Polen. Selskapet kjem til å bygge opp ein liten organisasjon i Noreg for å leie og utvikle selskapet. Kor mange personar det blir, er for tidleg å seie no.

– Vi skal ha ein liten organisasjon i Noreg. Det blir eit norsk selskap med produksjonskapasitet i Polen og eit salsapparat som skal nå marknaden, seier Farstad.

Jerzey Malek vil framleis eige 25 prosent av selskapet og vere representert i styret og fungere som rådgjevar. Då Summa Equity kjøpte 75 prosent av Malek var planen å gjere dette til eit norskbasert selskap med produksjonsanlegg i Polen, og jakte ein norsk sjef til å ta over leiinga etter Malek.

– Vi er stolte av å få Thomas Farstad om bord som ny administrerande direktør i Milarex. Dette er eitt viktig steg for å oppnå dei ambisjonane vi har for selskapet, seier Reynir Indahl, Managing Partner i Summa Equity i ei pressemelding.

Slik fabrikken er sett opp no, kan den produsere rundt 17.500 tonn ferdigvare i året. Det kan aukast etter kvart som fabrikken vert bygd ut. Produksjonen i år blir på rundt 7-8.000 tonn ferdigvare.

Fabrikken produserer for det meste røykelaks, men også litt fersk laks og torsk. Tyskland og Italia er hovudmarknadene.

– Ein stor del av råstoffet er norsk laks, men fabrikken kjøper også sockeye laks, som er ei etterspurt vare, seier Jon Hindar.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev.