NYHETER

Se alle artikler

Her er VINN-vinnarane i sør

På Solstrand-møte i regi av Cargill, har fôrprodusenten kåra dei beste lokalitetane av haust 15-generasjonen og vår 16-generasjonen i Sør-Noreg på laks og aure.

Under festmiddagen fredag kveld vart først dei nominerte presentert, før dei ulike vinnarane vart offentleggjort seinare på kvelden. På toppen av pallen sto Cargill Innovation Center, Osland Havbruk, Eide Fjordbruk og Lerøy Sjøtroll.

Fiskefôrprodusenten Ewos brukar mykje tid saman med oppdrettaren ute på merd-kanten der verdiane blir skapt. På sine besøk ser dei at det er ulike vilkår og moglegheiter til å skape de gode resultata.

I ein produksjonssyklus som strekk seg over 10 til 18 månadar, er det mange faktorar som spelar inn. Lokalitet, fisk, utstyr og fôr er alle viktige element som har stor innverknad på produksjonsresultatet. Den aller viktigaste innsatsfaktoren etter Ewos sitt syn er likevel oppdrettaren på merd-kanten.

– Deira fagkunnskap og engasjement, saman med stoltheita til handverket og yrket, er heilt avgjerande for å skape eit godt produksjonsresultat. VINN er konkurransen som set fokus og heidrar dette viktige arbeidet, heiter det i grunngjevinga for utdelinga av prisane.

Ewos brukar EGI til å kåra dei aller beste lokalitetane der det handlar om å klare høgast tilvekst og lågast fôrforbruk. Som alltid er det to konkurranseklasser for laks og aure, og i år deltok fisk sett ut hausten 2015 og våren 2016.

I klassen haust 15G laks vart Cargill Innovation Center sin lokalitet Oltesvik kåra til vinnar, medan Salmar Organic og Eide Fjordbruk var dei andre nominerte med lokalitetane Lybergsvika og Ospeneset.

I klassen for haust 15G aure var det Osland Havbruk sin lokalitet Eidesberget som vart kåra til den beste. Lerøy Sjøtroll sin lokalitet Storevikholmen og Svanøy Havbruk sin lokalitet Austneset var dei to andre nominerte.

Osland Havbruk var også nominert i klassen laks 16G med lokaliteten Mjølsvik, men her var det Eide Fjordbruk sin lokalitet Hågardsneset som gjekk til topps. Bolaks sin lokalitet Håvik var også nominert i denne klassen.

Lerøy Sjøtroll sin lokalitet Tveitnesvik vart kåra til den beste i vår 16G aure. Blom Fiskeoppdrett sin lokalitet Laksevika og Eide Fjordbruk sin lokalitet Eikebæråne, var dei to andre nominerte.

bd48e041dbd2fbf8ff0ce1a5e13460bf Lars Olav Bondhus og Dan Erik Johannessen frå Lerøy Seafood Group.  Foto: Cargill

6614957f330e5bafb90010ccd8388d39 Monica Molland og Eva Ynnesdal fra Osland Habvbruk.  Foto: Cargill

79f88af7a2730aba6a4e8d00407d16d8 Erling Levik og Tore Wick Henriksen fra Cargill Innovatin Center.  Foto: Cargill

1fa03e4124c02363f43caa96fc0e63a2 Trygve Samnøy frå Eide Fjordbruk.  Foto: Cargill

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev.

Se Også


ViNNerne 2018

Seks vinnere i hver sin klasse er nå kåret på Ewos' Nyttårskonferanse i Tromsø.