Pressemeldinger

Se alle artikler

20 millionar kroner til forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 20,1 millionar kroner til nye forskingsprosjekt i landsdelen. Havbrukskonsulentene i Kopervik og selskapet Steen-Hansen i Bergen får millionstøtte til havbruksforsking.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) vedtok denne veka å løyve 20,1 millionar kroner til forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Tildelinga omfattar 15,9 millionar i støtte til gjennomføring av seks større forskingsprosjekt og kvalifiseringsstøtte på 4,2 millionar til vidareutvikling av ni spennande prosjekt som er i startfasen. Det går fram av ei pressemelding.

- Prosjekta som får støtte i denne tildelingsrunden, får alle god vurdering frå ekspertpanel oppnemnte av Noregs forskingsråd. Dei har klar regional forankring og tar utgangspunkt i regionale fortrinn og problemstillingar. Prosjekta har difor potensial til å gi positive bidrag til innovasjon og verdiskaping i landsdelen. Eg meiner dette viser at dei regionale forskingsfonda har blitt ein viktig del av forskingsinfrastrukturen i Noreg, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet i pressemeldinga.

Industribedrifta Steen-Hansen i Bergen får inntil tre millionar kroner til å forske på nye metodar og produkt som kan redusere risikoen for sjukdomsutbrot hjå oppdrettsfisk som skuldast smitte frå organismar som festar seg på nøtene i oppdrettsanlegga. Steen-Hansen har med seg Universitetet i Bergen, UNI Research AS og Stiftelsen Industrilaboratoriet som partnarar i forskingsprosjektet.

I prosjektet skal ein mellom anna kartlegge smittestoffar i groeorganismar på utvalde oppdrettsanlegg og dokumentere smitterisiko og smittevegar frå groeorganisme til fisk. Det er også eit viktig mål å utvikle nye produkt for nótimpregnering som er meir miljøvennlege enn dei vi har i dag og som er særleg retta mot groetypar som utgjer spesifikk smitterisiko for oppdrettslaks på Vestlandet.

Havbrukskonsulentene i Kopervik får inntil tre millionar kroner i støtte til å utvikle eit automatisk overvakingssystem for identifisering av skader på nøter i oppdrettsanlegg. Mange oppdrettarar tar i dag videoopptak i samband med fôring, spyling og inspeksjon, men automatisk analyse av desse bileta er lite utbreidd. I forskingsprosjektet skal ein både utvikle eigna utstyr og eit dataprogram som analyserer biletstraumane frå anlegga og lærer seg å kjenne att visuelle avvik frå normalen. Desse avvika kan då vere signal om skadar på nøtene eller om uønskte gjenstandar, heiter det i pressemeldinga.

Ni søkjarar frå næringsliv og kommunal sektor får kvalifiseringsstøtte frå RFF Vestlandet. Dette er midlar som skal bidra til at flest mogleg aktørar kan utvikle gode forskings- og utviklingsprosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte – enten frå RFF Vestlandet eller frå andre finansieringskjelder.