Pressemeldinger

Se alle artikler

STATSBUDSJETTET: Styrkar havforskinga

9,2 milliardar til forsking og innovasjon, nye "sløydsalar" for næringslivet og meir til havforsking er blant tiltaka regjeringa meiner skal sikre og skape fleire arbeidsplassar.

Ordforklaring

  • Skattefunn – Gjer skattefrådrag til bedrifter som driv med forsking og utvikling.
  • Kapitalfunn – Ei ny skatteinsentivordning for investeringar i oppstartsselskap. Ordninga gjer personlege skatteytarar frådrag for investeringar på opptil 500 000 kroner i kvalifiserte aksjeselskap.
  • Katapult – Bedrifter over heile landet kan teste ny teknologi og nye løysingar i desse sentera, som vil vere ein slags "sløydsal for næringslivet". Dei skal kople forsking og marknad, og bidra til auka innovasjon og raskare industriell vekst.

- Norsk økonomi står ovanfor omfattande endringar. I alle budsjetta har regjeringa derfor prioritert omstilling. Forsking og innovasjon kan få fram nye idear og løysingar. Derfor held vi fram med satsinga til neste år, seier næringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.

I 2018 vil regjeringa bruke over ni milliardar kroner på næringsretta forsking og innovasjon, inkludert berekna skattefrådrag frå Skattefunnordninga og Kapitalfunn. Det er ein auke på om lag 4,3 milliardar kroner frå 2013. Over ein milliard kroner er ei styrking av program og ordningar i Noregs Forskingsråd, Siva og Innovasjon Noreg.

Regjeringa foreslår i 2018 å løyve 100 millionar kroner til nye testsenter for næringslivet, såkalla katapultsenter. Her kan bedrifter og forskingsmiljø teste ut sine idear og løysingar.

Regjeringa vil styrkje Noreg sin profil som ei leiande havnasjon, og vil ha meir kunnskap om nye marine artar og Arktis.

- I åra som kjem skal Noreg utvikle ny havbasert industri. I budsjettet foreslår vi derfor å løyve pengar til å auke den blå kunnskapen. Det skjer både ved å auke løyvinga til forsking, og ved å styrkje forskingsmiljøa. Vi har lagt fram ein havstrategi som skal bidra til å realisere næringspotensialet som ligg i havet, no følgjer vi opp, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP) i pressemeldinga.

Regjeringa vil auke innsatsen innanfor havbruksforsking og nye marine artar med 14 millionar kroner. Regjeringa foreslår også å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt i Antarktis, setje av 5 millionar til eit senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø, og løyve 10 millionar kroner til vidare utreding av samlokalisering av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet i eit nybygg i Bergen.

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 10 millionar kroner for å styrkje Noreg sin profil som leiande havnasjon. Vidare foreslår vi ei løyving på 30 millionar kroner til marine og maritime pilot- og demonstrasjonsprosjekt gjennom Innovasjon Noreg.

Store deler av maritim næring opplever store utfordringar. Mange sjøfolk har mista jobben, skip ligg i opplag og mange selskap har tapt omsetning og lønnsemd. Regjeringa foreslår derfor å gi over 2 milliardar kroner i tilskot til sysselsetjing av sjøfolk i 2018.

I budsjettet fremmar regjeringa fleire forslag som følgjer opp havstrategien som blei lagd i vår:

  • Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på havbruksforsking og kunnskap om nye marine artar med 14 millionar kroner.
  • Ressursforsking og -overvaking er foreslått styrkja med 11 millionar kroner gjennom ein auke i inntektene frå fiskeriforskingsavgifta.
  • Regjeringa foreslår å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt til Antarktis vinteren 2018-2019. Målet med toktet er å få betre kunnskapar om krillbestanden for å kunne utnytte næringspotensialet for hausting av krill betre.
  • Regjeringa vil samle dei marine miljøa i Bergen for å realisere næringspotensialet i havet og langs kysten, og foreslår å løyve 10 millionar kroner til vidare utgreiing av ei samlokalisering.
  • Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til eit nytt senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø.