Pressemeldinger

Se alle artikler

Vartdal Plast kjøper Tesla Semi

For å bidra til meir miljøvenleg transport kjøper Vartdal Plastindustri (Vartdal Plast) ny Tesla Semi.

I konsernet eig Vartdal Plast 55 vogntog som dagleg transporterer varer fram til kundane. Selskapet investerer i Tesla Semi for å vere med i den rivande utviklinga som skjer på alternative energikjelder på transportsida, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Elektriske køyretøy vil bidra til meir miljøvenleg transport og vil vere med på å redusere utslepp per transportert vare betydele, skriv dei.

– Vi skiftar årleg ut fleire køyretøy for å sikre at bilane våre held tritt med utviklinga innanfor miljø og utslepp. Når Tesla no har kome med eit heilelektrisk alternativ, trur vi dette er starten på ein ny æra innanfor miljøvenleg transport. Denne utviklinga vil vi sjølvsagt vere med på, seier Jan Endre Vartdal, dagleg leiar i Vartdal Plastindustri i pressemeldinga.

Selskapet produserer lette produkt innan emballasje og byggevarer i EPS (ekspanderbar polystyren).

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev.

Siste saker
Mest lest