Pressemeldinger

Se alle artikler

Eide Fjordbruk kjøper settefiskanlegg frå Erko

Eide Fjordbruk har inngått avtale med Erko Seafood om kjøp av 70 prosent av aksjane i settefiskprodusenten Lialaks AS.

Selskapet held til i Solund Kommune i Sogn og Fjordane og produserer ca. 600.000 laksesmolt årleg, opplyser Eide Fjordbruk i ei pressemelding.

– Eide Fjordbruk har allereie betydeleg aktivitet i produksjonsområde 4 som Solund er ein del av. Me ynskjer å investere i akvakulturverksemd i Sogn og Fjordane for på sikt å kunne bygge opp ei berekraftig klynge med både settefisk- og matfiskproduksjon i same region. Denne investeringa markerer første steg i denne retninga for oss. Investeringa er også med på å sikre Eide Fjordbruk tilgang på lokal, eigenprodusert smolt, og vil bidra til vidare verdiskaping i lokalsamfunnet, skriv selskapet i pressemeldinga.

Kva pris dei har betalt for 70 prosent av selskapet, ønskjer ikkje assisterande dagleg leiar Sondre Eide i Eide Fjordbruk å seie noko om.

– Den trur eg me held me for oss sjølve, seier han til IntraFish.

Dagleg leiar Svein Lien i Lialaks og broren Arvid Lien eig dei resterande 30 prosent av selskapet. Det vil dei framleis gjere.

– Har de planar om oppgradering og utbygging av anlegget?

– Me vil naturleg nok sjå på å utvikle anlegget. Det er eit anlegg som har stått i mange år, og me ønskjer å investere og bygge anlegget ut til våre sjøbehov. Eide Fjordbruk har tru på ein strategi med å bygge opp klynger med lokalt tilsette og forankring i lokalsamfunna med korte avstandar mellom dei ulike delane av produksjonen slik me har gjort det i Hålandsdalen, svarar Eide.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev.

Siste saker
Mest lest