Pressemeldinger

Se alle artikler

Har fått landstraum eller batteri på alle lokalitetar

E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk har nå landstraum eller batteridrift på alle lokalitetar.

- Tiltaka vil redusere klimaavtrykket frå produksjonen betrakteleg, gje eit betre arbeidsmiljø og samtidig gje mindre støy til dei som bur eller ferdast nær våre anlegg, skriv selskapa i ei pressemelding.

- Denne veka blei lokalitet Marøytåa på Svanøy kobla til straumnettet, ein etterlengta investering vi starta opp planlegginga av for eit år sidan. Det var ein stor dag då vi kunne slå av generatoren og det likevel var straum på oppdrettsanlegget, seier Elin Tveit Sveen, dagleg leiar i Marø Havbruk, i pressemeldinga

På lokalitet Langeråa i Batalden har E. Karstensen Fiskeoppdrett hatt landstraum sidan lokaliteten vart starta opp i 2005.

- På lokalitet Grunnsøya, som ligg lengst nord i Flora kommune, var avstanden til land større og valet vart å gå for løysinga Fjord Hybrid med batteridrift levert av Fjord Maritime, seier Nils Tore Karstensen i E.Karstensen Fiskeoppdrett.

Sidan oppstarten på lokaliteten i mai har Fjord Hybrid redusert gangtida til dieselgeneratoren frå 24 timer til 4 timar pr. døgn. Resten av døgnet ligg dei berre på batteri, og har redusert gangtida til dieselgeneratoren med 84 prosent.

- Det er god butikk for oss og for miljøet, fastslår Karstensen.

Løysinga har ei forventa nedbetalingstid på tre år og batteripakka er dimensjonert for ei levetid på ti år.