Priser

Se alle artikler

Nedgang for den minste, opp for den største

Høgare uttak av liten fisk på grunn av sjukdom gjer at prisane går litt ned for den minste fisken. I motsett ende går prisen opp for fisk over 6 kg.

Det får IntraFish opplyst frå fleire uavhengige aktørar i 13.30-tida fredag.

- Det var forsøk på å få prisen litt opp, men det falt fort. Det står framleis litt fisk igjen frå denne veka som ikkje er selt enno, og det ser også ut til at ein del går til frys og lager. Det gjer at prisen er stabil for fisk mellom 4 og 6 kg. For 2-4 kg er det ein nedgang på grunn av sjukdom og problem med amøbar i sør, mens den er opp for fisk over 6 kg. I sum er det nok ein relativt flat pris den kommande veka, seier ein av eksportørane IntraFish har snakka med.

Det same bilete får IntraFish opplyst frå oppdrettarar. Og med prisar som held seg rundt 50 kroner i midten av oktober, er dei aller fleste nøgde. Oppdrettarane har god margin, og foredlingsindustrien har fått opp sine prisar ut i sluttmarknaden.

- Eit prisnivå rundt 50 kroner er heilt flott. Marknaden er veldig bra, seier ein foredlar på kontinentet.

Også ein annan stor foredlar i EU er nøgd med at prisane er forholdsvis stabile.

- Det er alltid nokon som prøver å få prisen litt opp, men då ventar me heller. Dei fleste forventar at det er nok fisk. Me har ro i magen, og har god kontroll, seier han.

Også eksportørane synst det er greitt med stabile prisar, slik det har vore dei siste vekene.

- Biomassen blir utnytta, og det ser ikkje ut til å vere noko stort slaktepress. Difor kjem det mindre fisk enn i fjor på same tid. Dei fleste trur vel ikkje at prisane skal gå mykje lågare framover, seier ein eksportør.

Prisane IntraFish har fått opplyst spriker litt for den største fisken, men den er også avhengig av kva marknad den skal til. USA og Asia betaler betre for stor fisk enn EU.

I snitt ser prisane slik ut:

  • 2-3 kg – 42-43 kroner
  • 3-4 kg – 46-47 kroner
  • 4-5 kg – 49-50 kroner
  • 5-6 kg – 50-52 kroner
  • 6+ – 52-55 kroner

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev.