- På det noverande tidspunktet ser eg ikkje at me har noko å beklage. Dette er temmeleg normal prosedyre når det gjeld varsel om redusert biomasse. Når det gjeld børsnoterte selskap som får slike varsel er det vanleg å legge ut ei nettmelding om dette etter at børsen er stengt for å ivareta deira interesser, og selskapet er informert før saka blir lagt ut. Det gjorde me også her. Det som kanskje er uvanleg, er at me også varsla Adresseavisa ein time før om at det kanskje kom ei melding om ei sak dei kunne ha interesse av.