– Kva står på planen?
– På morgonen i dag fekk eg helsa på ei rekke studentar ved naturbruklinja frå Austevoll VGS. Dei utfører praktisk arbeid for ein av kundane våre, Tro – Tare, som skal ha sitt fyrste tareutsett i haust. Resten av dagen går med til haustens vakraste eventyr; budsjettering, og dessutan opplæring av ein nytilsett på sjømat-teamet, seier Bjånesøy når Intrafish snakkar med ho tidlegare denne veka.
– Kva går jobben din ut på?
Namn: Anna Troland Bjånesøy
Stilling: Manager, Amesto Seafood v/Amesto Accounthouse AS
Alder: 31
Utdanning: Bachelorgrad frå BI
Bustad: Torangsvåg, Austevoll Kommune
– Reint konkret jobbar eg med rekneskap og økonomirelatert arbeid for store deler av verdikjeda i sjømatnæringa.