– Vent litt. Eg er midt i noko måling, svarar Ellnar Knutsen over telefonen då IntraFish slår på tråden.

Foto: Vignett av Erik Dyngeland.

Røktaren i Ellingsen Seafood er midt i friperioden og det er ein ting som tek opp mesteparten av tida hans no om dagen.

– Det er eit evig oppussingsprosjekt, seier han om huset frå 60-talet som han har kjøpt på Fredvang i Lofoten.

Det å tak i hus der oppe er ikkje ei enkel sak, fortel han.