Birk Aarseth Grindal (24) studerer marin berekraft, og er ferdig med studiane til sommaren. Han seier det er kjekt å sjå ulike bedrifter – og at dei faktisk søker folk med ulik type utdanning.

– Og så er eg her for å snakke med folk, og sjå om det er noko som treff meg og det eg skriv om og studerer, seier han.

Han fortel at dei temaa som opptar han mest om dagen, er berekraft, berekraftsrapportering og klimagassutslepp.

– Kva tenker du er dei største utfordringane til næringa?

– Næringa har vel fått eit veldig dårleg omdømme i det siste. Så ein må setje eit mykje større fokus på fiskevelferd, enkelt og greitt. Få ned dødelegheita. Og så er det heller ikkje til å stikke under ein stol at klimaendringane vil gjere at dødelegheita kan stige. Så vi må ha betre vilkår når det kjem til lakselus, og få bukt med sjukdomar og parasittar, seier han.

Men mange utfordringar gjer ikkje Grindal meir skeptisk til eit framtidig arbeidsliv i oppdrettsnæringa. Snarare tvert imot.

– Eg kjenner eg har lyst å gå inn i ein bransje der det er eit par utfordringar, slik at ein har noko å gjere. Det å gå inn i eit selskap som er heilt i toppen i berekraft og har funne dei beste løysingane og som har oppgåva å drive andre bedrifter opp og fram – det er ikkje heilt der eg vil vere. Eg ser eigentleg på selskap som har større utfordringar og som faktisk er nøydde til å prestere betre – så eg tenker havbruksnæringa og havbruksselskap er ein veldig god plass å starte. Dei har midla til å gå vidare og dei ønsker å gå vidare. Mange har kome langt, men det er framleis langt igjen å gå for dei, seier Grindal.

– Trur fleire og fleire kjem til å bevege seg dit

Maria Øverland (26) er ein av dei andre studentane som torsdag hadde tatt turen til Kulturhuset i Bergen, for å møte oppdrettsnæringa på stand og lære meir om kva karrieremoglegheiter som finst. Som jusstudent, seier ho at ho er der for å få meir innsikt i næringa.

– Det er ikkje noko vi lærer så mykje om på studiet, med mindre ein aktivt oppsøker det sjølv. Så det er fint å ta litt initiativ og lære meir, rett og slett.

Øverland seier ho absolutt ikkje utelukkar ei framtidig karriere innan oppdrett.

– Det er jo ei veksande næring, så eg trur fleire og fleire kjem til å bevege seg dit, i ein eller annan form.

Jusstudent, Maria Øverland. Foto: Vilde Ferah Molven

Som framtidig jurist, ser ho spesielt for seg å kunne bidra til å lage betre rammeverk for aktørane.

– Eg synest Fiskeridirektoratet er spennande, det er jo ei krysning med både sjømatnæringa og forvaltning, seier ho.

Alfa omega

Olav Gudmundsen (21) studerer heller ikkje noko som nødvendigvis er direkte kopla til oppdrettsnæringa, men likevel finn vi også han i standområdet til Salmon City. Han studerer nemleg finans på BI, og seier han er interessert i banksektoren og finansieringa av næringa.

– Vi må jo gå vekk frå olja no, og fiskenæringa er den nest største næringa i Noreg, så då må vi satse på og utvikle den. Det er alfa omega. Det er mykje konkurranse, internasjonalt, så vi må få konkurransefortrinn, for å sikre det norske. Den norske fisken skal liksom vere den beste fisken, seier han.

Finansstudent, Olav Gudmundsen. Foto: Vilde Ferah Molven

Torsdag morgon publiserte NRK resultata frå ei undersøking, som viser at 37 prosent av nordmenn har blitt meir negative til oppdrettslaksen den siste tida, og der fleire var blitt meir negative fordi dei meiner oppdrettspraksisen er uetisk og skadeleg for miljøet.

– Eg kan jo godt sjå den. Vi må gi fisken rom og den rette maten, at det ikkje blir for tette nett. Det er jo litt uetisk når ein tenker på det, og når du tenker på lakselus. Det er nesten som at gud har sett ut nokre feller for at vi ikkje skal drive på med oppdrett, når ein ser tusenvis av lus som kjem og prøver å infiltrere og ta laksen.

– Kva tenker du er dei største utfordringane næringa står overfor?

– Det er å få ein næringsrik fisk, og mate fisken riktig. Bruke det laksen elles ville ete, og ikkje mate den med andre ting den ikkje er vand med å ete.

Trass i utfordringane, er Gudmundsen også positiv:

– Eg trur norsk oppdrettslaks er på ein god veg. Det er viktig å vere optimistisk.

Vil tenke nytt

Maja Aleksandra Rist (22) og Solfrid Sævik Mæland (22) har også tatt turen til Kulturhuset. Her håpar dei å møt nye folk – både dei som jobbar i bransjen, men også studentar som går andre retningar enn dei sjølve: sivilingeniør i havbruk.

Dei er heilt i starten av studieløpet, og synest difor det foreløpig er litt tidleg å bestemme kva som blir vegen vidare i arbeidslivet.

Fem på «gata» på stand på Salmon City, kulturhuset i Bergen 21. mars 2024. F.v.: Solfrid Sævik Mæland, Maja Aleksandra Rist. Studerer siv.ing. i havbruk på uib Foto: Vilde Ferah Molven

– Men dette er ein fantastisk moglegheit til å byrje tenkeprosessen, seier Rist, der vi står i eit rom stappfullt av ulike bedrifter som skal fortelje om deira arbeid.

– Næringa har fleire utfordringar, kva tenker de at de kan bidra med?

– Vi kjem jo forhåpentlegvis med meir kunnskap, og vi studerer no kva som er problema, og kva vi kan løyse. Så vi kan rett og slett tenke nytt, seier Mæland.

– Og så er det jo mykje bra som er gjort, og mykje som kan byggast vidare på, så vi kan bruke den kunnskapen vi har og vere open for nye løysingar, legg Rist til.

– Viktig å framsnakke

Når vi kjem inn på undersøkinga frå NRK, som viser at fleire har blitt skeptiske til oppdrettsnæringa, seier Mæland at ho tenker meir info om næringa må ut.

– Det verkar som at viss ein er skeptisk, så veit ein kanskje ikkje heilt kva det går i, trur Mæland.

– Det er synd. Eg synest det er bra ein er open med dei utfordringane som er, og det er jo mange av dei, men det er også veldig viktig å framsnakke det bra som er gjort, og all den gode maten som blir produsert. Eg trur det kan vere viktig å få fram det som er bra, for det står litt i skuggen av dei dårlege overskriftene som kjem fram, seier Rist.

Liv-Ane Engelsen står på stand for Lerøy, og tenker at utfordringane næringa har er ein kjempemoglegheit for studentar som er gode på problemløysingar.

Liv-Ane Engelsen står på stand for Lerøy. Foto: Vilde Ferah Molven

– Og som kan finne nye måtar å gjere ting på, for det er heilt klart at vi treng å tenke nytt og produsere laks på ein annan måte, og då treng vi nye talent, seier ho.

Engelsen seier det er viktig å vere tilgjengeleg på stand, både fordi dei stadig er på jakt etter nye talent, men også for å representere næringa og svare på spørsmål frå studentane.

– Det er klart at omdømme er eit tema, så då er det viktig å vere open og ærleg, seier ho.