– Eg er oppvaksen på spillolje til frukost, seier Tufteland lattermildt, og eigentleg skulle han bli bilseljar. Kanskje ikkje så rart sidan han er fødd og oppvaksen på ein bilverkstad.

Faren dreiv bensinstasjon på Fitjar og selde bilar, men døydde tidleg. Tufteland var 17 år.

– Det var akkurat då jappetida tok slutt. Alt rasa saman og renta var 18 prosent. Ingen kjøpte bilar, og eg fann ut at det ikkje var noko framtid der, seier Tufteland.

På same tid trefte han kona.