Arild Aakre starta i Cermaq Norge i 2016 som direktør for forretningsutvikling. Derfrå gjekk han vidare til roller som leiar for selskapet sine operasjonar i USA og leiar for sal i same land. No jobbar han som global salsdirektør i Cermaq, men i august forlèt han selskapet.

– Eg må nesten seia at eg sjølv er overraska over at eg søkjer meg ut av bransjen. Eg blei ringt opp og det verka spennande. Tilbodet blei for freistande, seier Aakre til Intrafish.