- Steinvik Fiskefarm er glade for at Alf-Helge har takka ja til å leie selskapet fram i ei spennande tid. Alf-Helge vil spele ei sentral rolle for korleis Steinvik Fiskefarm skal utvikle seg dei kommande åra, skriv selskapet i ei melding fredag.

Steinvik Fiskefarm vart stifta i 1986 av Inge Helge og Alex Vassbotten som i dag driv produksjon av laks, settefisk og rensefisk. Dei siste åra har Steinvik Fiskefarm satsa tungt på storsmolt i Svelgen i kombinasjon rognkjeks og berggylte.

Inge Helge Vassbotn Foto: Steinvik Fiskefarm

Aarskog avløyser gründer, eigar og oppdrettspioneer Inge Helge Vassbotten.

- Steinvik Fiskefarm vil på vegne av familien og tilsette takke for uvurderlig innsats som styreleiar sidan oppstart av virksomheita. På grunnlag av Inge Helge sine visjonar, arbeidsmoral og klokskap har Steinvik Fiskefarm utvikla seg til å bli eit veldreven og solid selskap med fokus på lokal verdiskapning, skriv selskapet i meldinga.

Inge Helge Vassbotn vil halde fram som styremedlem i selskapet.