I sommar starta Intrafish opp ei satsing på arbeidslivsjournalistikk. 2021 nærmar seg slutten og under kjem dei ti arbeidslivssakene våre abonnentar leste mest.

1. Det er fullt mogleg å ombestemma seg

Alice Øksheim var klar på at ho ikkje skulle jobba med lakseoppdrett. Ho skulle ikkje bu i heimkommunen Rognan, og ho skulle ikkje finna seg kjærast frå nabobygda. Slik gjekk det ikkje, og i dag er Øksheim dagleg leiar, produksjonsleiar, styremedlem og tungt inne i familieselskapet Edelfarm. Den saka kan du lesa her.

Nytt nyhetsbrev!
Nå kan du abonnere på nyhetsbrevet vårt om Arbeidsliv, og få journalist Joar Vatlestad sine nyhetsbrev rett i innboksen annenhver uke.

2. Vidareføring av erfaring sett i system

Dei er tredje generasjons oppdrettarar og på full fart inn i familieselskapa. Alice Øksheim, Jan Robert Øksheim, Jørgen Wenberg og Daniel Wenberg har vakse opp tett på lakseoppdrett, og har ulike rollar i familieselskapa Edelfarm og Wenberg. Det er mykje å setja seg inn i, noko også Geir Wenberg kjente på då han i si tid fulgte i faren sine fotspor. Difor tok han initiativ til å starta "3G eigarskulen", som skal førebu neste generasjon på ansvaret som ventar. Du kan lesa meir om eigarskulen her.

3. Mogleg streik i kystfarten

I slutten av november varsla Norsk Sjøoffiserforbund, Norsk Sjømannsforbund og Det Norske Maskinistforbund at sju skip i kystfarten ville gå ut i streik 1. desember om meklinga ikkje førte fram. Så skal det leggjast til at halvanna time på overtid blei streiken avverga.

4. Frå Mowi til Mexico

Etter nærare tjue år i Mowi, i ulike leiarstillingar, valte Per-Roar Gjerde å forlata oppdrettsgiganten. Planen var å ta seg nokre års pause. Det stogga etter nokre månadar. Han takka nemleg ja til å bli administrerande direktør i Pacifico Aquaculture, eit lite selskap i startgropa som driv oppdrett av stripa havåbor. Korleis den overgangen var kan du lesa her.

5. Betre forteneste, men kjøpekrafta står i ro

Som ein del av arbeidslivssatsinga har Intrafish knytta til seg fleire gjesteskribentar. Kvar veka kjem det ein kommentar om ulike sider ved arbeidslivet. Jørgen Wengaard sin kommentar om at fortenesten i næringa aukar, medan kjøpekrafta til lakserøktarane har stått i ro, er den mest leste blant Intrafish sine abonnentar. Den kan du lesa her.

6. Ny utviklingsdirektør i Salmar Aker Ocean

I slutten av november blei det klart at Kristine Hartmann blir ny utviklingsdirektør i Salmar Aker Ocean. Ho kom frå stillinga som driftsdirektør i C4IR Ocean, og du kan forresten lesa meir om kvifor Hartmann takka ja til jobb i offshore oppdrett her.

7. Tryggleik føre profitt

Jørgen Wengaard, konserntillitsvalt i Mowi, har også skrive ein gjestekommentar om tryggleiken til dei tilsette i oppdrettsnæringa. Den kan du lesa her.

8. Dobbelt opp med daglege leiarar

Ei melding i Føretaksregisteret synte at Kjell Lorentsen ikkje lenger var den einaste daglege leiaren i Gigante Havbruk. Det hadde ei naturleg forklaring, nemleg at sonen, Kristian Mangset Lorentsen, hadde starta i familieselskapet. Kristian Lorentsen brukte litt tid på å bestemma seg, og kvifor kan du lesa her.

9. Ny avdeling i Akva Group

I august blei det klart at Akva Group startar opp ei eiga serviceavdeling retta mot landbasert oppdrett. I tillegg tilsette selskapet to nye. Det kan du lesa meir om her.

10. Desse har skifta jobb

Kvar månad skriv me ein oversikt over jobbskifter som er omtala i Intrafish. Oversikten for juli inneheldt blant anna akvaponi, hestesport og finansanalyse. Meir om det kan du lesa her.

Hei!

Har du innspel til saker du meiner me burde skriva om i 2022? Då hadde eg sett stor pris på om du sende meg ein E-post til joar.vatlestad@intrafish.no.