Olav-Andreas Ervik har dei siste åra gått frå ein travel jobb i Salmar – til ein travel jobb i Utror.

Men det er ikkje berre på arbeid det har vore krevjande.

Det kjem vi tilbake til.

– Eg hadde ikkje flytta til Nord-Noreg utan at eg hadde vore glad i å vere i naturen, seier Ervik til Intrafish.

Han brukar mykje tid utandørs. Spring på fjellet. Går på ski. Syklar.

– Eg er ute så snart eg har anledning. Det er frykteleg viktig for å halde ut i ein hektisk kvardag på jobb.