Foto: Kay Åge Strøm-Grøtan

1. Kva står på planen i dag?

– Planlegging av hausten. Me ønsker å utvikle samarbeid med andre næringsklynger. Me har ei sterk næringsklynge i Stavanger med Stiim og Blue Planet. Me planlegg å utvikle nettverket samarbeidet med andre kommunar og klynger rundt i Noreg. Eg held også på med førebuing av politiske saker, og handlings- og økonomiplan i dag. Elles så arbeider vi med å innarbeide høyringsinnspela til Temaplan for Havbruk i Stavanger kommune. Her fekk me mykje og god respons frå både næringa, NGOar og det offentlege.

2. Kva går jobben din ut på?

– I det store bildet jobbar me for at vår kommune skal bli betre best på konkurransekraft og verdiskaping. Det me jobbar med når det kjem til havbruksnæringa er å jobbe med å bygge opp strukturar rundt næringa, for eksempel gjennom samarbeid med Universitetet i Stavanger for å bygge opp ei havbrukslinje der, eller å utvikle havbruksparken på Judaberg. Me jobbar med rammevilkår til næringa og gir støtte til utarbeiding av kunnskapsgrunnlag. Me koplar bedrifter med Universitetet i Stavanger eller med andre bedrifter, også i andre delar av landet. Det er dei store strukturane me arbeider med.

3. Kva liker du best med jobben din?

– Eg synest det er veldig kjekt å utvikle ei så framtidsretta næringa som det havbruksnæringa er. Dei fleste pilene peiker oppover. Det er ikkje alt som er på plass, men det er eitden har eit veldig godt utgangspunkt. Også med tanke på kva FN og andre internasjonale organisasjonar seier me skal driv med når det kjem til matproduksjon. Det er kjekt å jobbe i denne regionen, kor det er ein sterk gründermentalitet, det har vert det gjennom mange 100 år. Akkurat no ser me det er «all time high» med etableringar i vår region. Og det er mange etableringar innanfor teknologiutvikling til næringa. Det er veldig moro å sjå.

4. Kva er mest utfordrande?

– Det er at eg er ganske ny i kommunebyråkratiet. Det er ikkje alltid lett å skjønne prosessane som går føre seg i ein stor kommune med mange tusen tilsette og ein svær administrasjon. Det kan av og til kjennest som om ting tar unødvendig lang tid. Ein må lære seg at det er slik demokratiet fungerer. Eg har vel også lært at ein skal vere glad for at ein har det demokratiet og at det er ein god sikkerheitsventil.

Tom Kjellsen i Stavanger kommune. Foto: Privat

5. Kvifor vil du jobbe med dette?

– Fordi det gir mogelegheit til å forme næringa slik ho skal bli i framtida. Og til å få ut informasjon, spesielt til politikarane. Det er mange vanlege folk og politikarar som ikkje kan så mykje om næringa. Me jobbar mot eit mål om at bransjen skal kunne auka produksjon og verdiskaping med ny teknologi utan at det går utover fiskevelferd og lokal miljøpåverknad.

6. Kva er favoritten din til lunsj?

– Det er knekkebrød med osten Pøyg frå Ryfylke Gardsysteri. Det er ein kompis som driv ysteri. Det er favoritten.

7. Kva er det viktigaste verktøyet ditt på jobb?

– Det må vere pc, mobil og tilgang til internett.

8. Kva meiner du er den største utfordringa for bransjen din framover?

– Det er å betre fiskevelferda, særleg i dei tradisjonelle driftsformene. Skal ein utvikle nye driftsformer, må me sikre at laksen har det godt og trivst i dei nye anlegga. Eg meiner at det er grunnlaget for at næringa skal kunne vekse i åra framover. Teknologien må tilpasse seg biologien, og ikkje motsett. Det ligg i botn uansett.

9. Kva er du mest stolt over å ha oppnådd så langt i karrieren?

– Å få mogelegheita til å vere med å utvikle havbruksnæringa. Stavanger kommune og regionen har musklane og evna til å ta ei leiande rolle her.

Veit du om ein kandidat?

Hei, og takk for at du har lese denne saka! «Jobben min»-spalta tar for seg folk i alle jobbar innan sjømat. Veit du om nokon du tenker kunne passe i denne spalta? Då må du gjerne sende tips til joar.vatlestad@intrafish.no.