Marte Sleire Hatlevik (31) er tilsett som dagleg leiar i Osland Havbruk i Bjordal i Sognefjorden. Ho har jobba som administrasjonsleiar i selskapet sidan 2019.

– Då dette høvet baud seg, var det for spennande for meg til å la det gå utan å gje det eit forsøk, seier Hatlevik til Intrafish.

– Eg gledar meg

Noverande dagleg leiar, Erik Osland, går over i rolla som leiar av konsernet.