– Mowi satsar tungt i regionen i produksjon av postsmolt, kan du seie. Dei har auka konsesjonen frå 1.375 til 4.600 tonn.

Det fortel leiar for det nye postsmoltanlegget i Fjæra, Asle Lægreid.

– Må vere på tå hev

Sjølv om den offisielle opninga ikkje er før no, overtok dei det nye postsmoltbygget heilt i byrjinga av oktober. Sidan det har dei hatt to grupper med smolt gjennom anlegget, og er dermed i ein igangkøyringsfase, fortel Lægreid.

Asle Lægreid, leder for Mowi sitt postsmoltanlegg i Fjæra.