Då Sigrun P. Eriksen var yngre, var ho heilt klar på at ho ikkje ville jobbe innan havbruk. Medan mor hennar jobbar innan media og kultur, er far hennar professor i fiskeriforvaltning.

Foto: Vignett av Erik Dyngeland.

– Så då tenkte eg at eg iallfall ikkje skulle jobbe med fisk, ler Eriksen.

Men alt snudde då ho i midten av tenåra fekk ei openberring på grunn av ein gjeng skjelpadder i Australia.

– Vi var på ein lengre tur der og då jobba eg som frivillig på eit prosjekt ein dag i veka.