Det var i fjor sommar at 25 år gamle Perry Emil Johansen mista livet på jobb, då det oppstod ein eksplosjon på ein fôrflåte på anlegget til Hofseth Aqua i Ovråneset Øst i Stranda kommune, Møre og Romsdal.

Heilt sidan då har Arbeidstilsynet vore påkopla, og jobba for å finne ut kva som gjekk gale.

Jan Petter Sæbø i Arbeidstilsynet. Foto: Arbeidstilsynet

Tidlegare i februar blei det kjend at dei har kome med fleire pålegg til bedrifta, og meiner arbeidsmiljølova er broten på fleire punkt.