Måndag uttala Robert Eriksson, administrerande direktør i Sjømatbedriftene, at han frykta høgt koronarelatert sjukefråvær vil kosta sjømatindustrien dyrt. Bransjeorganisasjonen fryktar at arbeidsplassar kan gå tapt, og Eriksson meiner dagens reglar for refusjon av sjukepengar frå og med dag seks gjer at arbeidsgivar må ta heile kostnaden.

Ein av dei som har fått kjenna konsekvensen av høgt koronarelatert sjukefråvær er Karsten Austevoll. Han er dagleg leiar i Inka, ei vidareforedlingsbedrift for laks og aure, som ligg i Bjørnafjorden kommune.

– Vi har tretti prosent sjukefråvær på tredje veka no.