I 2021 vann Karsten «Kakki» Austevoll, som då leia fiskeforedlingsbedrifta Inka, prisen «Årets namn» i Fiskeribladet og IntraFish.

Året etter vann Frank Yri, kommersiell leiar i eksportørselskapet Seaborn, den same prisen.

Det ynskte dei to å nytta til noko positivt i lokalsamfunnet.

– Me funderte litt på kva me kunne bruka dette til, kva me kunne bidra med. Det var stor jubel internt då samarbeidet med Dale Oen Experience var på plass. Dette er noko alle i Seaborn er stolte av å vera med på og noko alle kjenner seg att i, seier Yri til Intrafish.