Klokka har nettopp passert ni om morgonen i Noreg. I Tokyo har klokka bikka fem på ettermiddagen. Johan Kvalheim (50) har allereie vore på jobb i over åtte timar, og det blir nok nokre timar til.

Fredagsintervju

Namn: Johan Kvalheim

Alder: 50 år

Bustad: Tokyo i Japan

Familie: Gift med Rose Marie og har døtrene Mari (19), Stina (17) og Anna (14)

Stilling: Sjømatrådet sin sjømatutsending i Japan og Sør-Korea

Utdanning: Fiskerikandidat, MBA ved ENPC i Paris.

Karriere: Hallvard Lerøy AS, Noregs sjømatråd, MSD Animal Health, medgründer i Star Seafood og dagleg leiar North Atlantic Seafood Forum

– Eg plar å jobba til rundt sju-åtte på kvelden, for eg må ha nokre timar med folk i Noreg òg, seier Kvalheim.

Dei fleste vil kalla dette lange arbeidsdagar. Slik ser ikkje Kvalheim på det.

– Når eg er heime sit ungane og gjer lekser, og eg trur ikkje vi tenker så mykje på tid. Dette er ein livsstil meir enn ein jobb. Eg er veldig privilegert som er utsendt og jobbar med ei så fantastisk næring, seier Kvalheim.

– Ikkje representativt år

I januar 2021, midt i ein global pandemi, reiste Kvalheim til Tokyo for å starta i jobben som Sjømatrådet sin sjømatsending til Japan og Sør-Korea.

– Sidan eg kom har det vore «state of emergency» i Japan og alt har vore stengt. Ein har fått handla og slik, men restaurantbesøk har vore fråråda. Det opna litt opp i oktober, men det går mot ei ny nedstenging og alkoholforbod no, seier Kvalheim om koronasituasjonen i sitt nye land.

Jobben som sjømatutsending har heller ikkje vore upåverka av pandemien. Mykje skjer digitalt, men Kvalheim er i alle fall digital i riktig tidssone, som han seier.

– Dette året har nok ikkje vore representativt for jobben som sjømatutsending, seier Kvalheim.

Johan Kvalheim skildrar seg sjølv og familien som eventyrlystne som elskar å reisa og å oppleva nye ting. Her er Kvalheim ved tempelet Hokan-Ji i Kyoto saman med Stina, Rose Marie og Anna. Foto: Privat

Sjølv om mykje skil seg frå kvardagen utan pandemi, så er det mykje som skjer i jobben til Kvalheim. Kvar morgon syklar han om lag ti minuttar til kontoret.

– Då oppdaterer eg meg på kva som skjer i Japan. Så planlegg eg og kollegaen min i Tokyo PR- og butikkampanjar. Vi har køyrt mykje aktivitet i butikkar, kampanjar i media og på sosiale medier og mykje som føregår utan at vi er fysisk til stades. Kollegaen min i Tokyo har jobba her for Sjømatrådet i 22 år og kan japansk, så ho har både kontaktane og språket, seier Kvalheim.

I jobben er Kvalheim i kontakt med journalistar, importørar og supermarknadskjeder. Blant anna planlegg Kvalheim to større kampanjar no, som skal gå i vår og til hausten.

– Dei skal gå på sosiale medier, i aviser og magasin, der vi har med supermarknadskjedene. Der skal vi ha material som skal distribuerast og ha klistremerker på norske sjømatprodukt. Det er eit stort apparat der alt skal klaffa inn mot éin månads kampanje i fiskediskane, seier Kvalheim.

Eigen fiskegrill

Det er det jobben handlar om – å synleggjera Noreg som sjømatnasjon og nasjon. I verdi er det laks som er størst, men i volum er det norsk makrell det går mest av i Japan, seier Kvalheim.

– I fjor gjekk det 54.000 tonn makrell direkte frå Noreg til Japan. Om vi tek med alt som blei prosessert i landa rundt Japan, så blei det totalt eksportert 143.000 tonn makrell. Japan er utan tvil den største marknaden for norsk makrell. Rundt 70 prosent av all makrell i supermarknadane er norsk makrell, seier Kvalheim.

Sjømatutsendingen seier at det er smaken og kvaliteten som gjer at norsk makrell fengjer japanarane. Lettsalta makrell blir nytta som middagsrett, og ei litt særeigen kjøkeninnreiing blir trekt fram som viktig.

– Japanarane har ein eigen fiskegrill på kjøkenet. Der legger dei gjerne to fiskar i åtte minuttar, og så har dei ein middag, seier Kvalheim.

– Mellom steikomnen og kokeplata så er det eit rom der dei har fiskegrillen, seier Johan Kvalheim om kjøkeninnreiinga som bidreg til mange fiskemiddagar i Japan. Foto: Privat

Jobben til Kvalheim er å passa på at det er ein forskjell på makrellen frå Noreg og den som kjem frå Japan.

– I fjor selde vi for fyrste gong fersk makrell i Japan, og det fekk mykje merksemd. Dette var noko meir eksklusivt og tok heilt av. Dette volumet vil bli betydeleg større i år, seier Kvalheim.

Japan er det nest største filetmarknaden etter USA. I 2021 blei det eksportert 85.000 tonn laks og aure i rundvekt, som er vekta etter bløgging og før sløying, frå Noreg til Japan, seier Kvalheim.

– Dette var opp 18 prosent samanlikna med 2020. Lakseeksporten til Japan har vore keisamt stabil, og potensialet i Japan er større enn det vi ser i dag. Eg meiner det er rom for endå meir vekst her for norsk laks, seier Kvalheim.

– Stormande jubel

Kvalheim er engasjert når han pratar om sjømat. I eit nyleg intervju blei han spurt kva som motiverer han i jobben.

– Det er å vera utsendt på vegner av norsk sjømatnæring, som er ei så stor og ryddig næring, og at det skal vera folk som bur på kysten vår i Noreg. Når olje og gass blir fasa ut, så må vi ha sjømat, seier Kvalheim.

Motivasjonen og innstillinga er den same som då han var sjømatutsending i Frankrike og Storbritannia frå 2007 til 2013. Han kallar det nærast religiøst.

– Det er heilt på grensa. Næringa har utvikla seg og blitt endå meir profesjonell. Forskjellen frå 2013 er kanskje at eg er endå meir stolt, seier Kvalheim.

– Kva ville du gjort om du var fiskeriminister for ein dag?

Nytt nyhetsbrev!
Nå kan du abonnere på nyhetsbrevet vårt om Arbeidsliv, og få journalist Joar Vatlestad sine nyhetsbrev rett i innboksen annenhver uke.

– Potensialet langs kysten er uendeleg stort, så det må leggast til rette for auka vekst på fiskeri og havbruk, òg på nye artar. Sjølv har eg ein draum om å få auka verdien av fiske av tunfisk i Noreg. Det skal vera rom for å bu langs heile kysten, og å legga til rette for at ungdomen som vil flytta heim, kan reisa heim, seier Kvalheim.

Med kone og tre døtrer er det ikkje berre å flytta til Japan når høve byr seg. Det blei familieråd før avreise til Paris i 2007, og det same då sjansen baud seg i 2020.

– Dagen då eg fekk tilbodet var vi på seglferie i Ålesund. Medan eg fekk den siste telefonen sto heile familien utanfor døra og venta på svaret. Då eg fekk tilbod om jobben så blei det stormande jubel. Heile familien var klare for å reisa. Vi hadde drøymt om det sidan vi kom heim frå Paris i 2013, og vi ville ut igjen, seier Kvalheim.

Johan Kvalheim og familien likar å finna på ting. Her spelar dei squash, og nyleg testa dei den kjente puddersnøen i landet. Foto: Privat

– Litt lopper i blodet

Kvalheim skildrar seg sjølv og familien som eventyrlystne som elskar å reisa og å oppleva nye ting.

– Vi har nok litt lopper i blodet, seier Kvalheim og ler.

I januar 2021 reiste Kvalheim ned. Kona Rose Marie og dei yngste døtrene, Stina og Anna, flytta etter den påfølgjande sommaren. Eldste dottera Mari er for tida i fyrstegongsteneste. Det er døtrene som har opplevd den største omveltinga, seier Kvalheim.

– Dei går på internasjonal skule, som er annleis enn skulen i Noreg. Det er ei utfordring fagleg, men dei har begge enormt pågangsmot, seier Kvalheim.

Familien har som mål å utforska Japan, og dei har no prøvd seg i den kjente puddersnøen i landet. Fjellturar blir det òg, for det er fine fjell og toppar rundt Tokyo, seier Kvalheim. Familien bur midt i byen og Kvalheim har blitt glad i å sykla.

– Det er fantastisk å sykla i Tokyo. Det er verkeleg lagt til rette for det, seier Kvalheim.

Eit noko dårleg utval av glutenfri mat, og at det tok litt tid å bli van med å køyra på «feil» sida av vegen er dei einaste utfordringane Kvalheim kjem på i farten.

– Vi har det veldig fint og det er veldig trygt her. Eg har spurt borna om dei har vore redde, men det har dei ikkje tenkt noko på. Det einaste vi er noko bekymra for er jordskjelv, seier Kvalheim.

Johan Kvalheim har hatt flere opphold i utlandet i regi av Norges sjømatråd. Foto: Arkivfoto Gunnar Lier

Full alarm på japansk

Japan har betydeleg seismisk aktivitet, er eit av dei mest aktive områda i jordskorpa med rundt 1500 jordskjelv årleg, ifølgje Store Norske Leksikon. Det har Kvalheim og familien òg fått merka.

– I natt var det eit igjen. På den japanske skalaen var det lite, men vi kjente det, seier Kvalheim.

I starten av oktober merka familien sitt fyrste jordskjelv.

– Då hadde vi flytta inn i ny leilegheit, og då det slo til gjekk alarmen i heile huset. Den var på japansk, så vi skjønte ingenting. Heile bygget svaia. Store jordskjelv og tsunamiar kan skje, og Mount Fuji skal jo snart eksplodere, så det er nokre naturkatastrofale ting å ta omsyn til, seier Kvalheim.

Alle i familien har kvar sin sekk klar med overlevingsutstyr, og på telefonen har dei ein applikasjon med varslingar. Familien er blitt råda til å ha kleda ved senga, det same gjeld tøflane.

– Det er fordi det kan bli ein del glasskår under eit jordskjelv. I heisane er det ein boks, som eg nyleg lærte av frua kva var, som inneheld eit lite toalett, radio og mat om ein blir sittande fast. Ein blir litt på alerten, men ein blir òg van med det, seier Kvalheim.

Sjølv om Kvalheim trivst i Japan så er han tydeleg på at han og familien må vera i Noreg om sommaren.

– Ingen stad er så fin om sommaren som Noreg, uansett vêr, seier Kvalheim.

Kvalheim og familien budde på Askøy før dei flytta, men Kvalheim er fødd og oppvaksen i Måløy. Der har familien feriehus. Til vanleg har familien pleidd å reisa med seglbåt langs norskekysten. Den båten blei seld dagen etter Kvalheim fekk jobben i Japan.

– Så det blir heim til Måløy i sommar, avsluttar Kvalheim.

___________________________________________________________________________________________________

Har du lyst til å lese flere saker fra sjømatnæringa? Prøv et abonnement på IntraFish - kun kr. 1 første måned!