Å skriva ting i sinne blir ofte skildra som lite lurt. Rådet er at det heller er betre å venta til ein har roa seg ned. Det gjorde ikkje fiskaren Susanne Mortensen (24). I ein kronikk publisert på NRK Ytring rådar Mortensen jenter til ikkje å bli fiskarar grunna trakasseringa kvinner opplever i næringa.

– Eg er blitt kalla hora, fetta, fittetryne og det som verre er. Eg er blitt fortalt at eg er svak og ubrukeleg. Det verste er dei gongene eg er blitt sett til oppgåver eg ikkje har kompetanse eller løyve til å utføra, seier Mortensen.

At ein blir sint av slike opplevingar er ikkje rart, og kanskje er det litt sinne som må til for å få til endring der det trengs. Mortensen har i alle fall fått mykje respons på sin ytring, og det blir spennande å sjå om det også kjem handling etter kvart. Alle skal kjenna seg trygge på jobb, både for sin eigen del, men også for å skapa utvikling, noko organisasjonspsykolog Kristin Dille tok opp i sin gjestekommentar innan arbeidsliv.

Fast bestemt

Familien Skagøy hadde aldri vore på Frøya, men flytta like godt til øya i 2017. Det var jobb innan berekraftig matproduksjon og gode moglegheiter innan friluftsliv som freista familien til øykommunen.

Mykje av sysselsettinga i havbruk skjer i små kommunar langs kysten. Medan nokre bedrifter opplever utfordringar knytt til rekruttering, merkar ikkje oppdrettsselskapet Måsøval noko til det.

– Å få vera med på å sikra god verdiskaping, arbeidsplassar og berekraftig matproduksjon langs kysten motiverer meg veldig, seier Andreas Skagøy.

– Eg har kanskje hatt litt sperre og tenkt at dette er mannfolkarbeid, at eg ikkje kan køyre truck, hjullastar og båt. Så prøvde eg, og såg kor artig det er. Ingen dagar er like, og eg fekk eit forhold til fisken og brydde meg veldig om den, seier Alice Øksheim (29). Foto: Tord T. Olsen

Av og til er det lettare å vita kva ein ikkje vil enn kva ein vil. Det var tilfelle for Alice Øksheim (29). Ho vaks opp i familiebedrifta Edelfarm, men som ungdom var ho fast bestemt på at ho ikkje skulle jobba i oppdrettsnæringa, ho skulle ikkje bu i heimkommunen og ikkje finna seg kjærast frå bygda.

– Eg høyrer at mykje eg har sagt har slått heilt motsatt veg, seier Øksheim, som no er både dagleg leiar, produksjonsleiar og styremedlem.

Tre kjappe

På tampen vil eg kjapt nemne tre saker som er verd å få med seg for dei som interesserer seg for arbeidsliv i næringa:

  • Å få seg jobb etter endt utdanning er viktig for mange. For Trym Eidsnes (24) gjekk det veldig fort.
  • Resirkulerende akvakultursystem (RAS) er mykje omtala innan oppdrett. Lærar Torunn Mikalsen meiner det blir meir og meir aktuelt å gi elevane god innføring i RAS. Difor har ho teke eit kurs om emne.
  • Er det eit jobbskifte du ikkje har fått med deg i september? Kanskje finn du det her.

Denne teksten blei fyrst publisert i IntraFish sitt nyhendebrevet innan arbeidsliv. Har du lyst til å abonnera på det så kan du gjera det her!