Til alle som kjenner eller har kjent vanleg forkjøling eller influensa på kroppen denne hausten: Eg føler med dykk!

Gjenopninga av samfunnet har bydd på kjekke gjensyn med både festlege lag og fotballkampar med laget mitt. Denne veka blei det eit nytt gjensyn: vanleg forkjøling. Låg feber blei etterfylgt av høg sjølvmedliding. Etter to år som frisk, hadde eg gløymt kor kjipt det er, men blei minna på det ved kvart host og nys, som blei etterfylgt av eit stakkarsleg «au» eller ynk.

Under kjem eg med interessante saker du kan fylla tilfriskningstida med om du er pjusk, men som også bør lesast av dei som held seg friske.

Skal tilsetja mange

Høge lønningar og bonusar er ikkje uvanlege omgrep i samtalar om oppdrettsnæringa. Verdiskapinga er høg og det same kan spekulasjonar om leiarlønningar vera. Om du jobbar i bransjen, har du kanskje lurt på kva sjefen tener, og vurderer du ei leiarkarriere i bransjen, lurer du kanskje på kva det vil seia for lommeboka. To gode kollegaer av meg har prøvd å finna ut av dette, og svaret kan du lesa her.

Nytt nyhetsbrev!
Nå kan du abonnere på nyhetsbrevet vårt om Arbeidsliv, og få journalist Joar Vatlestad sine nyhetsbrev rett i innboksen annenhver uke.

Eit stort landbasert prosjekt i USA gjer at Akva Group ser for seg å tilsetja over førti nye på hovudkontoret på Klepp det neste halvanna året. Kva kompetanse dei vil sjå etter, er ikkje heilt spikra.

— Men me vil sjå etter personar med prosjekterfaring og -kompetanse. Me vil også sjå etter ingeniørar, designarar og personar som kan innkjøp og logistikk. Det er også aktuelt å sjå etter personar med spesialkompetanse innan RAS og biologar med erfaring frå næringa, seier Livar Salte, HR-direktør i Akva Group.

Livar Salte, HR-direktør i Akva Group, ser ut til å få det hektisk framover når selskapet skal tilsetja over førti nye på hovudkontoret på Klepp. Foto: Akva Group

Større båtar og nye oppgåver

Dag Sletmo, seniorrådgjevar i DNB, gav dei frammøtte studentane sju grunnar til å satsa på havbruk under Havets Døgn i Bodø.

— Om eg var jobbsøkjande student, ville eg sett etter desse tinga: Trygg jobb, god betaling, hyggjelege kollegaer, berekraftig framtid, spennande yrke, innovativ bransje og ei næring med uløyste oppgåver, sa Sletmo.

Kva seniorrådgjevaren la i desse tinga, kan du lesa om her.

Innovativ er også brønnbåtbransjen. På oppdrag frå Kystrederia har konsulentselskapet Menon analysert ringverknadane som blir generert av den økonomiske aktiviteten til brønnbåtnæringa. Konklusjonen: fem milliardar kroner i verdiskapingseffektar og 4400 sysselsette.

Utviklinga går raskt på båtane og på kva mannskapet må kunna, noko den erfarne kapteinen Bjørn Roald Grunnan har merka.

— For å setja det litt i perspektiv: Eg var med å ta ut ein nybåt i 1996. Den var 36 meter lang og åtte meter brei med 346 kubikkmeter tankar. Det blei sagt at det var verdas største brønnbåt den gongen. I dag har den største tankar på 7500 kubikkmeter og er over 30 meter brei, seier Grunnan.

Til slutt vil eg trekkja fram to kommentarar frå våre gjesteskribentar innan arbeidsliv og ein oversikt:

  • Kva må du opplysa før du blir tilsett? Spørsmålet kan vera vanskeleg, men Rune Dyrvik prøver å forklara ut frå ein høgsterettsdom som kom tidlegare i år.
  • Likestillingsarbeidet i sjømatnæringa har ein veg å gå, skriv Kathleen Mathisen, som meiner det må setjast klare tal på kva ein vil oppnå.
  • Fleire starta i ny jobb i sjømatbransjen førre månad, blant anna Bjørnar Skjæran. Her er lista over jobbskifter omtala i IntraFish i oktober.

Denne teksten blei fyrst publisert i IntraFish sitt nyhendebrevet innan arbeidsliv. Har du lyst til å abonnera på det så kan du gjera det her!