Måndag gav Nina Møgster, dagleg leiar i Lerøy Sjøtroll, ein tung beskjed til dei tilsette på slakteriet ved Brandasund på eit allmøte. Slakteriet skal leggast ned.

– Det var sjølvsagt ei tung avgjerd å ta og ein tung beskjed å gi dei tilsette. Dette er jo noko som går utover folks arbeidskvardag, og som har negative ringverknadar lokalt, seier Møgster til Intrafish, og legg til:

– Men me ser på det som naudsynt for å sikra konkurransekraft i regionen vår, som er ein krevjande region.