I førre veke skreiv IntraFish om at Mowi ønsker minst 15 minutt varsling før Mattilsynet kjem på såkalla umelde tilsyn.

I ein e-post til Mattilsynet skreiv regiondirektør i Mowi for region Midt, Olaf Skjærvik, at dei umelde besøka blei oppfatta som skremmande for enkelte tilsette.

Skjærvik kom også med ein instruksjon til Mattilsynet, der han skildra korleis dei vil at besøka skal føregå:

«Varsle driftsleder minst 15 min. før ankomst. Dersom driftsleder ikke er tilgjengelig, varsles områdeleder, evt. produksjonssjef eller fiskehelseleder.