– Eg er født i mai 1987, den same månaden den første smolten blei levert frå settefiskanlegget i Norddalsfjorden, fortel Lina Braanaas Utne, administrerande direktør i Firda Seafood Group.
Ho vaks opp i takt med at familieselskapet utvikla seg, og for eit halvt år sidan overtok ho sjefsstolen frå far Ola Braanaas.
– Firda har omgitt meg heile livet, seier ho.
Utne vaks ikkje berre opp i takt med Firda – ho vaks også opp på sjølve settefiskanlegget, der familien budde fram til ho var i sjuårsalderen. Ho var med på dei daglege driftsrutinane og åt lunsj med dei tilsette.
Om somrane fylte dei opp vatn i settefiskkara og let dei stå fleire dagar i sola sånn at ungane kunne bade i dei.
– Og så har eg ete min del fiskefôr, eg hadde ein forkjærleik for det, seier ho og smiler.
Ho har også vore med faren på fleire reiser.
– Då eg var 19 var vi i Moskva og møtte kundar. Det var ei veldig eksotisk oppleving, fortel ho, og legg til: Sett i lys av det som skjer no blei det kanskje den einaste Russland-turen i livet.
Namn: Lina Braanaas Utne
Alder: 36 år
Bustad: Byrknesøy i Gulen kommune
Stilling: Konsernleiar i Firda Seafood Group
Utdanning: Havbruksbiologi og litt bedriftsøkonomi
Familie: Sambuar og to døtrer på fire og åtte år
– Eit heilt vanleg liv
– Har det vore ein oppvekst i «sus og dus»?
– Nei, på ingen måte. Far min vaks opp med nøysame foreldre og har levd eit ganske nøkternt liv, svarar ho.
Utne seier dei ikkje var «rike» då ho vaks opp, og at overskota som etter kvart oppstod blei skoten tilbake i bedrifta. Det har vore ein føresetnad for å utvikle verksemda og skape arbeidsplassar, fortel ho.
– No er eg neste generasjon, så vi har sjølvsagt hatt ein litt annan grad av komfort, men pappa tok oss ungane med på hytta i Nord-Noreg, utan innlagd vatn og med utedo. Det var den mest fantastiske plassen eg visste om.
Ho fortel at dei har levd eit heilt vanleg liv. For eksempel var dei aldri i «Syden» då ho var liten:
– Vi har drive med andre ting. Reist til Nord-Noreg, og etter kvart Svinøya og Gulen. Og så har vi vore heime. Det har ikkje vore noko særleg luksus, seier ho.
– Låg ikkje i korta
I ungdomsåra hadde ho sommarjobb i selskapet, og var innom både settefisk, matfisk og slakteri.
– Eg er veldig glad for denne erfaringa. Det er ein fordel no å forstå korleis dagane til for eksempel dei på slakteriet er, seier Utne.
Dei siste ti åra har ho vore i selskapet, der ho mest har jobba med internkontroll og berekraftssertifisering.
– Det er ein ganske fin bakgrunn, tenker eg. For eg er veldig godt sett inn i alle rutinar og korleis alt fungerer gjennom heile verdikjeda, og så ser eg samanhengen med korleis det er knyta opp mot regelverket. Så det er fint å ha med seg, seier ho.
Trass i at utdanningsvalet landa på nettopp havbruk, og oppveksten tett på selskapet, har det likevel ikkje vore ei sjølvfølge at ho skulle ta over leiarrolla for Firda.
– Det er ikkje noko påtvinga og det låg ikkje i korta. Vegen har blitt til etter kvart, seier ho, og legg til: Det var ikkje garantert at eg skulle ta over, men når det kom til stykket og det blei aktuelt med eit generasjonsskifte, så passar det fint med kor eg sjølv er i livet. Eg vaks opp med Firda og har ei stor eigarskapskjensle.
Ei gradvis vekslingsetappe
Utne seier ho nok ikkje kjem til å gjere noko annleis i drifta med det første. Kursen er klar – og den vil ho halde fram med å følge. Men ting kan forandre seg undervegs, seier ho.
– Korleis har det første halvåret som sjef vore?
– Pappa har vore lidenskapeleg opptatt av å drive Firda i 37 år, så å ta over har vore både krevjande og spennande, svarar ho.
Å gå frå sin tidlegare rolle over i sjefsrolla – samtidig som faren skal ut av rolla ho skal inn i, er ikkje berre lett:
– Det er som om eg har fått tak i stafettpinnen, men at han held litt fast, sånn at vekslingsetappen tar litt tid. Men det trur eg er heilt naturleg, og sikkert vanleg i familiebedrifter.
– Kva må til for at du skal kjenne at du har fått pinnen heilt?
– Eg er usikker. Eg trur det berre vil gå seg meir og meir til, og etter kvart som eg kjem meir inn i det og far min går meir ut av det, då vil alt gradvis falle meir på plass.
Trygg på at skuta flyt
Ho fortel at det likevel har vore eit spennande halvår – der ho har kunne løfta blikket og få ein heilskapleg oversikt. Å sette seg inn i nye område i bedrifta ho ikkje har kjent så godt til.
– For eksempel sal og marknad, det er veldig spennande.
– Kva tenker du om ansvaret i ei sånn stilling?
– Det første eg tenker på då er folka og liva i sjøen. Og så er det jo eit ansvar å skulle prestere på resultat og følge opp dei strategiske måla vi har sett oss, seier ho og tenker seg litt om, før ho held fram:
– Alle spør meg om det og alle bemerker at det er eit stort ansvar, og då blir eg litt sånn, oi, tenker eg for lite på det?
Men det tenker ho også er eit sunnheitsteikn. At ho er trygg på systema og utstyret dei har – og ikkje minst leiinga og styret.
– Eg er trygg på at skuta flyt, men veit også at det er eg som har det øvste ansvaret, seier ho.
Styret i selskapet består no av far Ola og Mons Alfred Paulsen, advokat i Thommessen. Mora har også vore i styret, men gjekk ut i år.
– Det var eigentleg greitt, for å sitte med begge foreldra i styret er kanskje litt mykje. Det er nok med ein, ler ho.
Etterlyser risikoavlastning
Like lenge som ho har jobba i Firda, har ho også budd i Gulen. Der likar ho seg godt – omgitt av natur på alle kantar: Fjell, kyst og sjø.
– Eg har jo ingen røter herifrå, men no begynner eg å kjenne at eg høyrer til her. Og så hjelper det å ha ungar i skule og barnehage, då blir ein med eitt meir integrert i lokalsamfunnet, seier ho.
Ho gler seg over å bidra til aktiviteten i området, og håper dei kan bidra med meir verdiskaping til Gulen i tida som kjem.
– Kva tenker du om framtida til oppdrettsnæringa?
– Eg trur vi kjem til å stange i nokre år til, for det er ikkje gode nok insentiv for å utvikle den teknologien vi treng for å dra næringa framover.
Ho trur likevel næringa er i full stand til å løyse dei utfordringane som finst.
– Men då må vi ha ein risikoavlastning, for eksempel når det kjem til lukka anlegg eller utsleppsfri teknologi. Skal vi ta risikoen heilt aleine, med å investere i teknologi som ikkje er ferdig, eller skal vi få noko igjen for det som reduserer risiko, spør ho.
Skjermtid
På jobb skiftar Utne mellom å vere på hovudkontoret for drift og slakteri. I den vekslinga får ho møtt folk som held på med fleire ting. Ho er ikkje så ofte på merdkanten, og kunne tenke seg å reise meir ut.
For det er kanskje dei som arbeidar der ho synest fortener mest skryt i næringa – om ho må velje nokon. Det er dei som handterer verdiane og passar på fisken, minner ho om. Og står på i all slags vêr.
– Men det er mykje av jobben min som går føre seg framfor skjermen, seier ho.
Apropos skjerm. Det skjer ikkje så ofte at ho les ei bok ferdig, men ei bok har ho komme seg heilt gjennom i år: «Stolen Focus» av Johann Hari. Den handlar om korleis vi er fanga i algoritmane og mistar både konsentrasjon og fokus når vi bruker timevis på skrolling framfor skjermane våre.
– Det er veldig attkjennande. Og vanskeleg å gjere noko med. Eg trur det krev ei kollektiv endring, seier ho, og trekker fram det som kanskje er ekstra aktuelt for ein sjef: Nemleg tida ein brukar på å hente seg inn igjen i arbeidsoppgåvene etter at ein har avbrote arbeidet for å sjekke nettaviser eller sosiale medium. Det er ein uting, men vi er avhengige av smarttelefonen i arbeidskvardagen også, så kanskje finn vi gode måtar å regulere det på i framtida, seier ho.
Det blir ikkje mykje TV på Utne heller. Kveldane er allereie fylt opp av bretting av klede, familietid – og litt jobb.
– Utfordrande å vekse
Kvar dag gler ho seg til å gå på jobb. Og håpar at selskapet klarar å utvikle seg – og vekse.
– Akkurat det er veldig utfordrande, spesielt her i produksjonsområde nummer fire, fordi vi har nedtrekk på tolv prosent. Så det blir enno vanskelegare å nå måla vår fordi vi har redusert produksjon – og det er den som skal forsvare utvikling og investeringar, seier ho.
I tillegg tenker ho det er ei utfordring å realisere mål om vekst med dei reguleringane av næringa som er i dag. Som økt skattetrykk.
– Eg er imot grunnrenteskatt og meiner det måtte ha vore betre måtar å innføre ekstraskatt på som ville vore mindre belastande for både næring og stat. Og så blir eg oppgitt over polariseringa i media.
Ho sukkar litt.
– Det er mange som ikkje kan så mykje om næringa, som kanskje berre les overskrifter og får med seg i korte trekk kva det handlar om.
Støttar Mowi-søksmål
Mowi-søksmålet synest ho er «heilt fair» – og ikkje overraskande. Ho trur det berre er byrjinga.
– Har du vurdert å flytte til Sveits?
– Nei, og det er det ein heilt enkel grunn til. Eg eig ikkje bedrifta, så det er berre Ola som kunne ha flytta for at det skulle fått ein effekt for Firda, svarar ho, og legg til: Når det er sagt, så har eg heller ikkje lyst å flytte til Sveits. Eg vil bli her.
Om Utne skulle vore fiskeriminister for ein dag, ville ho først lagt til rette for insentiv for nedtrekt volum i drift med lukka eller semilukka teknologi – og fått på plass miljøteknologiordninga.
– Og så ville eg brukt dagen på å samle aktørar langs kysten for å spørje dei kva dei synest eg som fiskeriminister burde gjere for å gjere det enklare å drive verksemd. Eg trur eg ville begynt sånn, seier ho.