1. oktober overtok Trygve Hallberg som ny dagleg leiar i Akvahub, skriv selskapet i ei pressemelding. Han overtek roret etter at Asbjørn Løland, som har leia selskapet sidan starten i 2016, no går vidare til ein av Akvahub sine eigarar og samarbeidspartar, Bulandet Miljøfisk, for å realisera deira planar for landbasert oppdrett.

Hallberg har vore prosjektleiar i Akvahub sidan mai i fjor og er utdanna havbruksbiolog med mastergrad frå Universitetet i Bergen.

– Havbruksnæringa byr på noko av det beste Norge har å by på. Her skapast store verdiar og mange arbeidsplassar i eit samspel mellom distrikta og byane, og ein ser ein rivande utvikling kvart einaste år. Å få vera med på å bidra med berekraftig utvikling i denne næringa er noko eg brenn for, uttalar Hallberg i pressemeldinga.

Akvahub AS er ei felles forskings- og utviklingsavdeling for verksemder med tilknyting til havbruksnæringa, og har hovudkontor i Leirvik i Hyllestad kommune.