Frode Melsether overtek som dagleg leiar i SjømatStaden og vil tiltre stillinga 1. juli, skriv selskapet i ei pressemelding.

Melsether overtek stillinga frå Lars Endre Myklebust, som har fungert som dagleg leiar i oppstartsfasen av selskapet. Myklebust kjem framleis til å jobbe aktivt vidare i selskapet.

– Det å få mogelegheit til å vere med på denne satsinga lokalt, saman med innovative og engasjerte eigarar som ønsker å bygge stein på stein blir utruleg spanande. Eg gler meg til å vere med å utvikle eit heilt unikt konsept med fokus på «sjømat for framtida». Samstundes ønsker eg å takke Sverre, Martin og alle kollegaer i Coast-konsernet for ei utruleg kjekk og lærerik reise gjennom 22 år, uttalar Melsether i pressemeldinga.

Melsether kjem frå Måløy og har bakgrunn frå sjømatbransjen. Han er utdanna diplomøkonom administrasjon og leiing frå Handelshøyskolen BI. Melsether har jobba 22 år i Coast Seafood, der han den siste perioden har han vore teknisk direktør.

Nytt nyhetsbrev!
Nå kan du abonnere på nyhetsbrevet vårt om Arbeidsliv, og få journalist Joar Vatlestad sine nyhetsbrev rett i innboksen annenhver uke.

Planlegg utbygging i 2023

Styret og eigarar i SjømatStaden er svært fornøgd med tilsettinga av Melsether, skriv selskapet i pressemeldinga. Det er administrasjonen i selskapet som har gjennomført rekrutteringsprosessen.

– Den unike kompetansen innanfor leiing,, økonomi, teknologi og sjømat som Frode har, er akkurat det SjømatStaden treng framover. Vi er trygge på at vi får den utviklinga vi ønskjer med Frode som dagleg leiar. Han vil jobbe tett saman med styre og eigarar får å nå dei strategiske måla til SjømatStaden. Vi ser fram til at Frode blir ein del av laget vårt, uttalar styreleiar Oskar Kvernevik i pressemeldinga.

SjømatStaden er lokalisert på Bryggja i Nordfjord. Selskapet er eigd av familiebedriftene Kvernevik Gruppa og Eide Fjordbruk og jobbar med å etablere eit senter for produksjon av sjømat for framtida. Sentralt i satsinga står produksjon av laks i lukka sjø- og landanlegg. Selskapet er i prosessen med detaljregulering av området, samt søknadar om konsesjonar på land og i sjø. Planen er i å igangsette utbygging i 2023, skriv selskapet i pressemeldinga.

Kvernevik og Eide er familieeigde bedrifter med lange tradisjonar og ein lokal leiar med fokus på å legge stein på stein har vore avgjerande for valet av Melsether, skriv selskapet i pressemeldinga.