Arild Heggland er tilsett i ei nyoppretta stilling i Fjord Miljø AS som sals- og marknadssjef frå 1. Januar 2022, skriv selskapet i ei pressemelding. Heggland har lang erfaring frå tidleg på 90-talet og fram til i dag med arbeid både innan settefisk og matfisk, i tillegg til sertifisering og sal.

Utvidinga av organisasjonen blir gjort som ein del av satsinga som Fjord Miljø no startar etter fleire år med uttesting av utstyr for å bidra til eit betre liv for både fisk og oppdrettarar, skriv selskapet i pressemeldinga.

Fjord Miljø blei etablert i 2017 og utviklar og sel miljøløysingar til oppdrettsnæringa, hovudsakleg merdmiljø. fiskevelferd og tilvekst i opne anlegg i sjø.