Mathias Waage Skår (27) har gått frå Lerøy Sjøtroll til OK Marine, skriver utstyrsleverandøren i ei pressemelding. Han starta i den nye jobben i juni.

Der skal Skår jobba som regionansvarleg for digitale tenester. Skår seier at han kjenner til produkta, og at han har trua på satsinga rundt Goodeye-produkta.

– Eg meiner eg kan bidra positivt i å utvikle OK Marine og meg sjølv vidare innan eit så spennande fagfelt og ansvarsområde, i tillegg har eg hatt eit svært godt inntrykk av kulturen og mine kollegaer i OK Marine, over lengre tid, uttalar Skår i pressemeldinga.

Ti år i Lerøy Sjøtroll

27-åringen frå Austevoll har fagbrev i akvakultur og vidareutdanning i leiing frå BI, og held på med bachelorgrad på deltid ved sidan av jobb.

Skår starta som lærling i Lerøy Sjøtroll i 2013. Sidan har han jobba som driftsteknikar, teamleiar og driftsleiar.

– Eg har vore svært heldig å få arbeida med eit bredt spekter av oppgåver og ansvar hos min førre arbeidsgivar, med mange spanande utfordringar, uttalar Skår.

Esben M. Aase, leiar for havbruk i OK Marine, har tilsett to nye dei siste månadane. Foto: OK Marine

– Mathias si breie praktiske erfaring frå ein av dei største, mest seriøse oppdrettarane i verda ser vi på som gull verd. Han veit korleis det er å sitta «på andre sida av bordet», noko som også gjer at han veit kva som er viktig for kundsne, uttalar Esben M. Aase, leiar for havbruk i OK Marine, i pressemeldinga.

Selskapet har òg fått inn Tom Asbjørn Hatleskog i teamet. Han har elleve års erfaring frå Egersund Net og Akva Group med sal av utstyr i den internasjonale marknaden. Det er salsarbeid han skal driva med i OK Marine.

– Vi er glade for å få med ein hyggeleg og fagleg sterk person som Tom Asbjørn på laget, uttalar Aase i pressemeldinga.