Martin Lio (25) er tilsett ny prosjektansvarleg plast i Østerbø, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Vi er glade for å få ein så dyktig mann med på laget. Dette er eit viktig steg i den vidare satsinga for Østerbø på leveransar til landbaserte oppdrettsanlegg samt PEHD-produkt til både havbruk og industri, seier leiar for produksjon og produkt i Østerbø, Steinar Holen, i pressemeldinga.

Lio har fagbrev som industrimekanikar og plastmekanikar. Han kjem frå stilling som arbeidsleiar i BMO og har fleire års erfaring innan bygging av prosessanlegg på landbaserte oppdrettsanlegg. Lio bur i Dalen i Telemark og Østerbø vil no etablere eit kontor der som base, medan mykje av arbeidet hans vil føregå i felt og hjå kunde.

– Eg kjenner Østerbø Maskin og området godt etter at eg var med på utbygginga av Osland Settefisk på Sørebø. Derfor var det interessant då dei lyste ut ei stilling som var midt i blinken for meg. Eg er klar for nye utfordringar og det er kjekt å vere med på satsinga på røyrsystem vi ser no, seier Lio i pressemeldinga.

Martin Lio (25) er tilsett som ny prosjektansvarleg i Østerbø. Foto: Østerbø

34 tilsette

Østerbø har siste åra utført mange større leveransar av røyrsystem både på land og til sjøs, blant anna som totalentreprenør på verdas største landbaserte kveiteanlegg i Ortnevik. Selskapet har rammeavtale på levering av røyrleidningar for innsug og strømningskanalar til dei semilukka merdane til Ecomerden. Lio tek til i stillinga 1.1.2022 og skal no jobbe vidare med å få på plass og leie arbeidet med endå fleire leveransar til landbasert oppdrett.

Østerbø Maskin AS er leverandør av løysingar innan utstyr til havbruksnæringa, reservekraft og elektromekanisk produksjon. Bedrifta er ein del av Østerbø Gruppa og har i dag 34 tilsette fordelt på Østerbø, Sløvåg og snart Dalen.